Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Rus- og tobakksførebyggjande arbeidChevronRight
  5. Korleis førebyggje at barn og unge begynner å røykje?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis førebyggje at barn og unge begynner å røykje?

Talet på unge som røykjer i Noreg, er lågare i dag enn på mange tiår. Dette kan tyde på at det førebyggjande arbeidet som er gjort på området, har hatt ein effekt.

Stump røyken. Foto.

Fleire tiltak

Barn og unge blir påverka gjennom ulike tiltak både på skulen og i samfunnet til ikkje å begynne å røykje. Men det finst ikkje ei enkel oppskrift på korleis dette kan gjerast. Få tiltak kan dokumentere langsiktig effekt.

Ifølje Kunnskapssenteret kan det sjå ut til at det er føremålstenleg å satse på ein kombinasjon av fleire tiltak. Det er eit nasjonalt mål i det førebyggjande helsearbeidet å hindre eller utsetje røykjestart blant barn og unge.

Røyking er ein av dei viktigaste risiko- og årsaksfaktorane til hjarte- og karsjukdommar, lunge- og luftvegssjukdommar og fleire former for kreft.

Rollemodell

Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere av førebyggjande arbeid?

  • Du kan vere ein god rollemodell ved ikkje å røykje eller snuse.
  • Dersom du allereie røykjer og ikkje klarer å slutte, kan du passe på å ikkje røykje eller snuse i arbeidstida.
  • Du kan gjere deg kjend med og bruke dei kampanjane som finst mot røyking, slik at du kan bruke dei når du arbeider med barn.
  • Du kan delta i gode samtalar og undervisningsopplegg som er knytte til tobakk og helse.

Vi har lovar som regulerer kvar det er lov å røykje, men røyking er framleis lov i Noreg, også for menneske som jobbar med barn og unge.

Som profesjonell yrkesutøvar bør det vere uakseptabelt å røykje der barn og unge oppheld seg. Ein barne- og ungdomsarbeidar kjem tett innpå barna. Er du ein røykjar, luktar det røyk av hender, klede og ande i lang tid etter at du har røykt. Mange barn og unge opplever dette som ubehageleg.

Som rollemodell for barna har du også eit ansvar for å gripe inn

  • når du ser foreldre eller andre vaksne som røykjer på røykfrie område, for eksempel når dei hentar barn i barnehagen
  • når du oppdagar at barn og unge prøver å røykje
  • når snus og tobakksartiklar blir brukte på arbeidsplassen

Dersom du røykjer, er det likevel mykje du kan gjere for å hindre at barn og unge blir påverka av det. Du kan unngå å røykje på jobb, du kan vaske hender og pusse tennene etter røyking, og du kan kontakte røykjetelefonen eller be fastlegen din om hjelp til å slutte.

Kampanjar og opplysning om røyking

For at barn og unge skal kunne ha eit medvite forhold til røyking, må dei få informasjon. Mange offentlege og private instansar deltek i arbeidet med å informere om røyking. Ein del av informasjonen kjem i kampanjar som er retta mot spesielle grupper, for eksempel ungdomsskuleelevar.

Dersom du skal gi opplysningar til små barn, er det nokre forhold du bør tenkje over:

  • Du må gi informasjonen slik at han er forståeleg.
  • Du må gi informasjonen på ein måte som gjer at barnet ikkje blir engsteleg for foreldre, søsken eller besteforeldre som røykjer.
  • Du må ikkje framstille røykjarar på ein måte som gjer at barna må forsvare foreldre som røykjer.

Utfordringar til deg

  1. Diskuter kva for reglar for røyking som bør gjelde på arbeidsplassar der barn og unge oppheld seg.
  2. Kva kan røykjarar gjere for at barn ikkje skal bli påverka av at dei røykjer?
  3. I barnehagen høyrer du denne samtalen mellom to elevar som er i barnehagen i samband med yrkesfagleg fordjuping.
    Astrid: Kor lenge er det til pause? Eg har så lyst på røyk at eg knapt kan tenkje på noko anna.
    Jørn: Om ein halvtime kanskje. Kan du ikkje berre gå deg ein tur, då?
    Nokre av barna høyrer samtalen. Kva gjer du?
  4. Arbeid i grupper.
    Finn nettstader som handlar om røyking og røykje-førebygging. Kvar gruppe går inn på ein nettstad kvar. Lag ein plan som viser korleis de kan bruke den aktuelle nettstaden i arbeidet med barn. Planen bør seie noko om
    • kva for aldersgruppe han passar for
    • korleis de vil bruke nettstaden
    • kva de vil bruke
    • korleis barn og ungdom kan bruke nettstaden
  5. Kva for førebyggjande tiltak mot tobakk kjenner du til?
  6. Ta utgangspunkt i bileta til høgre og skriv ein fagtekst om kva som påverkar barn til å byrje å røykje.
  7. Søk på nettet og på biblioteket. Kva slags førebygging ser ut til å fungere best?

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter