Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Rus- og tobakksførebyggjande arbeidChevronRight
  5. Helserisiko ved røykingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Helserisiko ved røyking

Omtrent halvparten av dei som røykjer dagleg i mange år, døyr av sjukdommar som kjem av tobakk. I tillegg blir mange ramma av sjukdommar som fører til store helseplager og redusert livskvalitet.

Skadevirkning av røyking og passiv røyking. Foto.

Helserisiko

Tobakksrøyk består av ei kompleks blanding av meir enn 4000 forskjellige kjemiske stoff. Over 50 av desse stoffa er potensielt kreftframkallande.

  • Studiar viser at dei som røykjer dagleg, i snitt døyr ti år tidlegare enn ikkje-røykjarar. 25 prosent av dei som røykjer dagleg, mistar 20–25 år av livet sitt samanlikna med den gjennomsnittlege levealderen for ein ikkje-røykjar.
  • Ein trur at omkring 6700 personar i Noreg kvart år døyr av sjukdom dei har utvikla på grunn av røyking. I tillegg døyr truleg fleire hundre av sjukdom dei har utvikla på grunn av passiv røyking.
  • Dei viktigaste sjukdommane knytte til røyking er kreftsjukdommar, luftvegssjukdommar og hjarte- og karsjukdommar.
  • Røyking er årsak til fleire dødsfall på grunn av hjarte- og karsjukdommar enn av kreft eller luftvegssjukdommar. Røyking kan redusere sjansane for at kvinner blir gravide og kan også føre til impotens hos menn.
  • Blant kvinner som røykjer i fruktbar alder, aukar nedbrytinga av østrogen. Dette kan føre til beinskjørheit og tidlegare overgangsalder. Hormonendringane fjernar også ein del av det naturlege vernet kvinner har mot hjarte- og karsjukdommar.
  • Røyking under svangerskapet aukar risikoen for spontanabort, komplikasjonar i svangerskapet, dødfødsel og for tidleg fødsel. Barn av røykjande mødrer har gjennomsnittleg lågare fødselsvekt, større risiko for krybbedød og auka risiko for å utvikle astma.
  • Passiv røyking er spesielt farleg for barn. Talet på luftvegsinfeksjonar, astma og kroniske lungelidingar aukar hos barn som jamleg blir utsette for passiv røyking. 10–36 prosent av alle mellomøyrebetennelsar hos barn kan ein sjå i samanheng med passiv røyking i heimen.
  • Fleire studiar tyder på at barn som jamleg blir utsette for passiv røyking, kan få auka risiko for lungesjukdom og hjarte- og karsjukdom seinare i livet.
  • Røyking fører til fleire rynker i huda, nedsett lukte- og smaksevne og dessutan misfarging av tennene. Hår, hud og pust luktar røyk. Kvart år døyr nærmare fem millionar menneske i verda på grunn av tobakksbruk. I 2025 reknar ein med at talet har auka til ti millionar.

Kjelde: Helsedirektoratet

Utfordringar til deg

Del klassen i to. Kvar gruppe lagar ein plakat!

Gruppe 1: Gode grunnar til ikkje å begynne å røykje

Gruppe 2: Skadeverknader av røyking

Diskuter korleis desse plakatane vil verke på barn og ungdom.

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid