Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Rus- og tobakksførebyggjande arbeidChevronRight
  5. Rusførebyggjande arbeid ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rusførebyggjande arbeid

I Noreg har det først og fremst vore fokusert på to forskjellige typar tiltak for å redusere bruken av rusmiddel: tiltak for å redusere etterspurnaden, og tiltak for å redusere tilgangen. Målet med førebyggjande tiltak i samfunnet er å redusere sosiale og helsemessige skader som følgjer rusmiddelbruk.

Ungdom i klatretauvegg. Foto.

Redusere etterspurnaden

Spesifikke tiltak for å redusere etterspurnaden har gjerne vore informasjonskampanjar og forskjellige kampanjar retta mot å endre haldningar blant dei som bruker rusmiddel.

Døme på slike kampanjar kan vere åtvaringsteksten på røykpakkar og kampanjar mot alkohol på TV og i blad. Føremålet med tiltaka er å endre haldninga til å bruke rusmiddel, og styresmaktene ønskjer å påverke oss til å ta dei riktige vala. Det andre tiltaket, som ofte blir brukt, er å regulere tilgangen til rusmiddel.

Eksempel på slike tiltak er

  • aldersgrenser på kjøp av alkohol og tobakk
  • høgare avgifter
  • kontrolltiltak mot ulovleg narkotikaomsetning
  • å gjere det dyrare og vanskelegare å kjøpe alkohol og tobakk

Redusere tilgangen

Målet med å redusere tilgangen og auke prisane, er at færre skal velje å kjøpe slike produkt. Også hyppige kontrolltiltak mot narkotikaomsetning er med på å synleggjere dei alvorlege konsekvensane ved kjøp, sal og bruk av narkotiske stoff.

Ofte rettar førebyggjande tiltak seg mot spesielt utsette grupper i samfunnet. Dette kan ofte vere nettopp barn og unge som er lettare å påverke, og som kan vere i faresona for å utvikle eller forsterke eit rusmiddelmisbruk. Skular og sosialstyresmakter er viktige i det førebyggjande arbeidet retta mot barn og unge.

Som barne- og ungdomsarbeidar er du derfor svært viktig i det førebyggjande arbeidet for å skape gode haldningar. Du blir ein rettleiar mot dei riktige innstillingane og dei rette vala!

Er det mogleg å førebyggje rusproblem allereie i barnehagen?

I lenkjesamlinga finn du lenkjer til ein del av dei førebyggjande programma som blir brukte i barnehage og skule. Under fordjuping finn du ein rapport som evaluerer ei rekkje av dei førebyggjande programma som blir brukte.

Utfordringar til deg

  1. Søk på rusførebyggjande tiltak på sidene til Helsedirektoratet. Diskuter det du finn på denne sida.
  2. På kva måtar er det drive rusførebygging i Noreg?
  3. Gi eksempel på tiltak som verkar rusførebyggjande.
  4. Kva meiner du er god rusførebygging?
  5. Korleis kan du som yrkesutøvar påverke barn og unge når det gjeld tobakk og rus?
  6. Fordjupingsoppgåve: Les rapporten «Forebyggende innsatser i skolen».

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid