Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Rus- og tobakksførebyggjande arbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Haldningar til tobakk og rusmiddel

Haldningane som barn og unge har til rusmiddel, blir blant anna bestemt av kva foreldre og venner tenkjer og gjer. Oppvekstmiljøet har også mykje å seie, og også indre eller psykologiske faktorar.

Til dømes kan vi i utgangspunktet synast at det å snuse er ekkelt, men dersom mange i omgangskretsen vår snusar, kan vi bli eksponerte for dette i ein slik grad at vi sjølv får lyst til å prøve. Haldningane våre er då endra gjennom eksponering.

Haldningane våre kan til dømes bli forma av det vi lærer på skulen, av foreldre og venner, ved overtalingar og sosialt press, og ved at vi blir eksponerte for noko – til dømes gjennom reklame.

Rollemodell

Som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig at du har eit klart, reflektert og ikkje minst informert forhold til rusmiddel. Du bør kjenne til forskjellige rusmiddel, skadeverknader ved bruk, lovar som regulerer bruk, og ikkje minst må barne- og ungdomsarbeidaren ha eit fornuftig forhold til rusmiddel sjølv.

Du er som barne- og ungdomsarbeidar i ein unik posisjon til å hjelpe barn og ungdom til å gjere fornuftige val.

Det er viktig at du i det daglege arbeidet ditt er medviten om kva posisjon du har som rollemodell for dei barna du jobbar med. Som rollemodell må du ta dei riktige vala.

Kva er vi mottakelege for?

Haldningane våre fortel både oss sjølve og omverda kva vi liker og ikkje liker.

  • Kva er vi mottakelege for?
  • Korleis oppfattar vi, og kva meiner vi om forskjellige emne, saker og personar?

Ulovlege og lovlege rusmiddel

Det er viktig at vi skil mellom ulovlege og lovlege rusmiddel.

Alle over 18 år får kjøpt tobakksprodukt. Det er forbode for butikkar å selje tobakksprodukt til personar under 18 år. Bryt butikkane denne loven, kan dei bli bøtelagde eller få anna straff.

Det vil alltid vere problematisk, og det kan få alvorlege konsekvensar for dei det gjeld, å bruke stoff som er ulovlege i Noreg. Blir du teken for bruk av ulovlege stoff, kan du bli straffa og få dette på politiattesten din. Ein rein politiattest er ofte ein føresetnad for å kunne jobbe med barn og unge.

Er du over 18 år, har du lov til både å kjøpe og å drikke visse former for alkohol, men det er viktig å forstå at med denne retten kjem også eit ansvar. Inntaket bør vere svært moderat og aldri i samband med jobb. Som barne- og ungdomsarbeidar er du ein viktig person for andre. Barn som du jobbar med, ser opp til deg. Foreldre som overlèt barna sine til deg kvar dag, og medarbeidarane på arbeidsplassen din må kunne stole på dømmekrafta di og at du er påliteleg i arbeidet ditt.

Sjølv om du røykjer eller snusar, er det ingen grunn til å vise dette til barna rundt deg. Det er difor ein svært god ide å ikkje røykje eller snuse på jobben. Vent til du har fri.

Dersom barn eller unge stiller deg konkrete spørsmål knytte til alkohol, bør du svare direkte til han eller ho som spør, og du må vere nøktern og sakleg når du svarer. Du skal ikkje bagatellisere svara dine eller på nokon måte ufarleggjere rusmiddel. Er du i tvil om korleis du skal svare, kan det vere lurt å snakke med ein meir erfaren kollega eller rettleiar der du jobbar. Hugs at bruken av ulovlege rusmiddel aldri kan forsvarast.

Utfordringar til deg

  1. Gjer greie for kva haldning betyr.
  2. Kvifor bør barne- og ungdomsarbeidaren vere medviten om kva haldning han eller ho har til tobakk og rusmiddel?
  3. Korleis blir haldningane våre påverka av rusmiddel?
  4. Ein del barn er svært kritiske til at foreldra røykjer, men byrjar sjølve å røykje når dei blir ungdommar. Diskuter kva årsaka til dette kan vere.
  5. Kva er årsaka til at røyking og bruk av rusmiddel er forbodne på skular?
  6. Korleis bør du reagere dersom ein ungdom røykjer på skuleområdet?
  7. Korleis kan du reagere dersom du ser at det blir selt alkohol i skulegarden?
Kristoffers slåsskamp vart sponsa av mamma og pappa. Holdningskampanje frå Vinmonopolet.

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid