Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Rus- og tobakksførebyggjande arbeidChevronRight
  5. Moglege skadeverknaderChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Moglege skadeverknader

Skadeverknadene av narkotikamisbruk er mange og forskjellige alt etter gruppe og type stoff. Difor er det også her føremålstenleg å kategorisere skadeverknadene etter gruppe.

Mann som har henda foran hode mens han ser ned. Foto.

Grupper

  1. Sentralstimulerande stoff: Amfetamin set ofte ned appetitten, og det fører gjerne til feilernæring og vitaminmangel. Andre alvorlege biverknader er søvnløyse og psykose. Spesielt amfetaminpsykose kan føre til at ein endrar røyndomsoppfatning, og at ein opplever syns-, hørsels- og sansebedrag. I somme tilfelle varer dei psykotiske symptoma ved i lang tid etter siste bruk. Aggressivitet og valdelege handlingar i amfetaminrus er heller ikkje uvanleg. Kokain har også svært mange negative effektar. Åtferda kan bli bisarr og valdeleg. Dei kroppslege verknadene kan vere livstrugande på grunn av høg puls, høgt blodtrykk, forstyrra hjarterytme, hjarteinfarkt og hjernebløding. Sjølv enkeltinntak i små dosar kan i særlege tilfelle føre til hjartesvikt. Risikoen aukar når stoffet blir teke intravenøst.
  2. Cannabis: Bruk av cannabis kan ved større dosar svekkje minnet, og korttidsminnet kan vere sett ned i fleire dagar etter at ein har brukt stoffet. Sjølv små dosar svekkjer merksemda, og rusen kan føre til kritikklause handlingar. Brukaren kan også få akutte depresjonar, angst eller forfølgingsførestellingar, avhengig av sinnstilstand, mengd og innhald av THC. Slike reaksjonar kan oppstå under ein enkelt rus, eventuelt etter korttidsbruk.
  3. Hallusinogene stoff: Denne typen stoff kan vere svært føreseielege. Eit alvorleg faremoment ved bruk av LSD er vrangførestellingar eller hallusinasjonar. Denne tilstanden, som ofte blir kalla «bad trip», kan samanliknast med eit mareritt som ein ikkje klarer å vakne frå. Dette kan i verste fall føre til ein langvarig kronisk psykose som liknar på paranoid schizofreni.
  4. Opioid: Ved inntak av moderate dosar kjennest kroppen varm og tunga tørr. Brukaren går gjerne inn i ein tilstand der han eller ho gløymer omverda og berre vekselvis er vaken. Ved større dosar blir det vanskelegare å puste, pupillane trekkjer seg saman, huda blir kald, fuktig og blåaktig. Brukaren kan døy som følgje av at han eller ho pustar for sjeldan. Pustestans er heller ikkje uvanleg når brukaren tek større dosar, og når ein ikkje veit kva det inneheld eller kor reint det er. Brukarar er ofte likegyldige, manglar uthald og er i kjenslemessig ubalanse.
  5. Benzodiazepin: Symptom ved forgifting av benzodiazepin er uregelmessig og nedsett pustefrekvens, nedsett medvit, blodtrykksfall og langsam hjartefrekvens. Det er også ein stor fare for auka tilvenning for brukaren. Det vil seie at brukaren må auke dosane jamleg for å oppnå den same effekten.
  6. GHB: Moglege biverknader av GHB er svimmelheit, hovudpine, oppkast, svake musklar, forvirring og trøyttleik. I meir alvorlege tilfelle kan brukaren få vrangførestellingar, krampar, hemma pust og miste medvitet. Karakteristisk for personar som er medvitslause fordi dei har teke GHB, er at dei etter kort tid plutseleg vaknar opp. Dette kan forklarast med at GHB raskt blir skilt ut frå kroppen. GHB kan vere svært farleg fordi det er liten forskjell på dosar som gir rus, og dosar som fører til medvitsløyse og død. I tillegg varierer styrken på GHB-løysingane.
  7. Sniffestoff kan føre til akutte forstyrringar i hjarterytmen og blodtrykksfall, og det kan i verste fall ha døden til følgje. Dette heng ikkje nødvendigvis saman med kor mykje rusmiddel ein har teke. Ei akutt forgifting viser seg elles ved blant anna hoste, såre auge, dobbeltsyn, lysømfintlegheit og irritasjon i nase og svelg. Brukaren kan bli kvalm og kaste opp eller eventuelt få diaré. Ved kronisk misbruk ser ein ofte at brukaren er sosialt mistilpassa, likegyldig og får uforklarlege humørsvingingar.

Meir informasjon om kannabis og skadeverknader.

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid