Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Rus- og tobakksførebyggjande arbeidChevronRight
  5. SkadeverknaderChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skadeverknader

Ein person kan fort bli avhengig av alkohol dersom han eller ho drikk mykje over tid. Alkoholen kan då skade dei indre organa i kroppen og svekkje evna til å fungere sosialt, fysisk og psykisk.

Mann som holder på hodet og ser ned. Foto.

Alkoholen si effekt

Alkohol har ein dempande og bedøvande effekt på kroppen. Hos den som drikk for mykje alkohol, blir dømmekrafta svekt og også evna til å konsentrere seg. Personen får ofte store humørsvingingar og endrar personlegdom. Alkohol har også ein søvndyssande effekt. I tillegg får ein dårlegare vurderingsevne og redusert minne.

Det er viktig å vere merksam på at dei individuelle forskjellane er store, og dei heng også saman med alkoholkonsentrasjonen i blodet. Alkoholen blir sogen opp i blodet via magesekken og tarmane, og ruseffekten kjem etter om lag 20 minutt. På denne tida er alkoholen frakta rundt i kroppen via blodet til cellene våre.

Helserisikoen ved stort alkoholinntak er stort. Blant anna aukar risikoen for enkelte former for kreft og leversjukdommar. Det er også ein fare for høgt blodtrykk og hjerneslag.

Mengda av alkohol i blodet blir rekna i promille. 1 promille vil seie 1 gram alkohol per liter blod. Kor mykje ein drikk, kva ein drikk, og om ein drikk alkohol på tom mage, avgjer promillen. I Noreg er promillegrensa for å køyre bil 0,2. Ved ein promille på mellom 1 og 2 blir ein ofte ustø, sløv, får vanskar med å snakke og å halde seg vaken. Det er også vanskeleg å ta vare på seg sjølv med ein så høg promille. Ved svært høg promille kan pustesenteret i hjernen bli lamma. Ein alkoholkonsentrasjon på omkring 3 promille eller høgare kan vere dødeleg.

Slik verkar promillenivået på kroppen

  • 0,2: Auget fokuserer saktare og omstiller seg dårlegare frå lys til mørke.
  • 0,5: Du blir litt «pussa». Du får dårlegare evne til å oppfatte situasjonen og reagere presist på han.
  • 0,8: Koordinasjonsevna blir dårlegare, og reaksjonstida aukar.
  • 1,0: Du blir mindre merksame, har dårlegare konsentrasjonsevne, byrjar å bli trøytte, får nedsett balanse- og rørsleevne.
  • 1,5: Rørsleevna er redusert, og talen er uklar.
  • 2,0: Du får forgiftingssymptom, og har ingen sjølvkontroll lenger
  • 3,0: Du har ingen kontroll med urinblæra og står i fare for å miste medvitet.

Kjelde: Helsedirektoratet

Alkohol og svangerskap

Gravide blir rådde til ikkje å drikke alkohol då fosteret får same alkoholprosenten som mora. Alkohol er det rusmiddelet som vi er mest sikre på kan skade fosteret. Nokre barn blir fødde med føtalt alkoholsyndrom (FAS) fordi mora har drukke under svangerskapet. FAS omfattar hjerneskade, veksthemming og spesielle ansiktstrekk.

Ny forsking viser at også mindre mengder alkohol kan auke faren for skadar, for tidleg fødsel, spontanabort med meir. Også under amming bør ein vere svært forsiktig med alkohol då alkoholen går over i morsmjølka. (Kjelde: Helsedirektoratet)

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid