Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Alkohol

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du kjenne til ulike haldningar til alkohol, og du må kunne gjere greie for nokre førebyggjande tiltak.

bilde av to flasker med alkoholfri snaps
Alkoholfri snaps

Haldningar til alkohol

I år skal du jobbe med tekstar og oppgåver som gjer deg i stand til å drøfte ulike haldningar til alkohol og gjere greie for nokre førebyggjande tiltak retta mot barn og unge.

Vi legg vekt på at du skal bruke den kunnskapen du har fått tidlegare, og at du skal gjere deg kjend med ulike nettstader som handlar om alkohol og førebygging av alkoholmisbruk.

Når vi i daglegtale snakkar om alkohol, er det som regel den typen alkohol som blir brukt i sprit, øl eller vin vi meiner. Dette er den alkoholtypen vi kallar etanol. Men det er viktig å vere klar over at omgrepet alkohol i kjemien dekkjer over fleire hundre organiske sambindingar eller grupper stoff som alle er svært farlege. (Kjelde: Amendor)

To kategoriar alkoholskadar: kortvarige og langvarige

  1. Verknader på kort sikt
    Verknader som vi kan oppleve kvar gong vi drikk:
    • Humøret endrar seg
    • Dømmekrafta vår endrar seg
    • Evna til å hugse blir svekt
    • Evna til å konsentrere seg blir svekt
    • Vi tek farlegare sjansar
    • Vi blir meir mottakelege for infeksjonar
  2. Verknader på lang sikt
    Verknader som kjem av langvarig, og gjerne hyppig, alkoholbruk:
    • Det kan oppstå endringar i nervesystemet
    • Vi kan få abstinensar
    • Vi kan bli avhengige av alkohol
    • Vi kan få familiære og sosiale problem
    • Det kan oppstå sjukdom i fleire av organa

Du finn også gode til eksterne sider om alkohol. Vi rår deg til å ta tid til å sjå på desse. På nokre av sidene kjem du direkte til fagstoff om alkohol, medan du på andre sider må søkje på stikkordet alkohol. Helsedirektoratet og alkohol

Utfordringar til deg

  1. Arbeidet med temaet alkohol byggjer på fagstoff frå fleire tema du lærte om på Vg1:
    • haldningar
    • sjukdommar og skadar
    • grupper og gruppepress
    • reklame
    • informasjon
    Finn ut om du treng å repetere noko av dette før du går vidare.
  2. I lenkjesamlinga finn du lenkjer til fleire nettstader. Gjer deg kjend med desse.
  3. Lag ein presentasjon som viser skadeverknadene ved misbruk av alkohol.
  4. Sjå filmen i hovudfeltet. Diskuter kva som kan gjerast for å førebyggje dei problema som blir presenterte i filmen.
  5. Kva skal du gjere dersom du har mistanke om at eit barn har foreldre som har alkoholproblem?

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid