Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Rus- og tobakksførebyggjande arbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tobakksprodukt

Dei aller vanlegaste tobakksprodukta i Noreg i dag er sigarettar eller rulletobakk for sigarettar og snus. Andre produkt er sigarar, piper og pipetobakk, tyggjetobakk. Alle desse produkta inneheld nikotin, som er det vanedannande stoffet i tobakksprodukt.

Ulike bilder av røyk, tobakk, snus, holdninger. Foto.

Historie

I 1950 røykte nesten 80 prosent av menn mellom 25 og 30 år. Talet i dag er nærmare 20 prosent. Dette er ein kraftig nedgang og heng nok saman med at det ikkje er like akseptert å røykje i dag. Det blir heller ikkje reklamert for røyking i dag slik det blei gjort på den tida.

Eit godt eksempel er at til og med sosialministeren, Rakel Seweriin, reklamerte for røyking tidleg i 50-åra saman med leiande sportsfolk og legar. Det er kanskje ikkje utan grunn at 1950- og 60-åra ofte er kalla gullalderen til røyking. Tenk viss Erna Solberg, Jens Stoltenberg, Petter Nordthug og fastlegen din reklamerte for røyking!

I dei siste åra har vi fått strengare reglar for kvar det er lov til å røykje eller bruke tobakksprodukt i det offentlege rommet i Noreg. For eksempel er det utenkjeleg å røykje på eit fly i dag, mens det var vanleg i Noreg fram til 1988. Først i 1996 vart det ulovleg å røykje i terminalbygga på flyplassen. Fram til 2004 hadde dei fleste kjøpesentra i Noreg også små røykjeboksar der folk kunne røykje. Det verkar sikkert fjernt for dei fleste i dag.

I 1995 sette ein opp aldersgrensa for kjøp av tobakksprodukt frå 16 til 18 år, og 1. juni 2004 blei det innført ein ny røykjelov. Endringane i røykjeloven gjorde at Noreg, som eitt av dei første landa i verda, innførte eit totalforbod mot røyking på alle serveringsstadene i landet.

Å jobbe med barn og unge

Når du skal jobbe med barn og unge, har du ansvar får å gi dei god kunnskap om korleis dei skal ta vare på helsa si. Dette vil seie at du også må lære dei om røyking og skadeverknadene som tobakk kan ha.

I lenkjesamlinga finn du ei rekkje fagstoffsider om tobakk. Noko av dette er fagstoff du må kjenne til som barne- og ungdomsarbeidar, medan ein del er repetisjon frå grunnskulen. Du og læraren din må vurdere kva sider du skal jobbe med.

Utfordringar til deg

  • Diskuter årsaker til at talet på røykjarar har gått ned frå 1950 og fram til i dag.
  • Lag ein plakat som viser skadeverknader som røyking kan ha.
  1. Kva kjenneteiknar denne typen helseopplysning?
  2. Kva effekt har slik informasjon når det gjeld røyking?
  3. Korleis driv ein vanlegvis helseopplysning i den norske skulen?
  4. Kvifor er helseopplæring så viktig, trur du?
  5. Her seier dei at barna lærer mykje av denne måten å drive helseopplæring på. Kva trur du er årsaka til det?

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid