Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Rus- og tobakksførebyggjande arbeidChevronRight
  5. Alkohol, narkotika og tobakk ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Alkohol, narkotika og tobakk

Som barne- og ungdomsarbeidar må du kjenne til korleis du og samfunnet kan førebyggje bruken av alkohol, narkotika og tobakk blant barn og unge.

Mann med røyk og øl. Foto.

Førebyggje rusmisbruk

På Vg1 helse- og oppvekstfag lærte du kanskje om tema i samband med helse, livsstil og livsstilssjukdommar. I år skal du jobbe meir med korleis du kan førebyggje bruken av alkohol, narkotika og tobakk, korleis du kan vere ein god rollemodell, og kva du gjer når du oppdagar at barn og unge bruker alkohol, narkotika eller tobakk.

Tenk over

  1. Kva for kompetansemål i læreplanen din seier at du skal lære om alkohol, narkotika og tobakk? Diskuter kompetansemåla i klassen.
  2. Lag eit tankekart som viser kva du kan om tema, før du tek til med dette emnet.
    Ta fram tankekartet når du er ferdig med emnet og finn ut kva du har lært.
  3. Kva for tankar får du når du ser bileta på denne sida?
    Bruk bileta som inspirasjon og skriv ein tekst om korleis ein skal rettleie barn og unge slik at dei kan ta sjølvstendige og gode val når det gjeld alkohol, narkotika og tobakk.

Læringsressursar

Rus- og tobakksførebyggjande arbeid

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter