Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Bursdagar og feiringarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bursdagar og feiringar

Gjennom eit heilt år i barnehagen er det mange bursdagar, merkedagar og høgtider som det er fint å markere. Då vil mange gjerne servere noko ekstra godt. Tradisjonelt har dette ofte vore pølser, kaker, is og saft, men mange barnehagar vel no sunnare alternativ på merkedagar.

forskjellige typer frukt og grønnsaker. Foto

Bursdagen er ein stor dag for dei fleste barna. Det er viktig at alle barna får ei likeverdig feiring i barnehagen. Opplegget barnehagen har for korleis bursdagar blir markerte, både når det gjeld aktivitetar og servering, bør gjerast kjent for foreldra. I mange tilfelle er det foreldra som tek med det som skal serverast i barnehagen. Retningslinjer for mat og måltid i barnehagen slår fast at dei fleste markeringane og feiringane bør gjennomførast utan servering av søt og feit mat og søt drikke. Det er viktig at foreldra kjenner til dette.

Tips

  • Be foreldra ha med seg ei korg med frukt eller bær i staden for kake når barnet har bursdag.
  • Det kan vere ei god investering for barnehagen å kjøpe ein blender til å lage smoothies med. Smoothies basert på frisk frukt og bær er eit fargerikt og morosamt alternativ ved spesielle høve.
  • Lat bursdagsbarnet få vere med på å bake rundstykke i barnehagen. Foreldra kan ta med seg eit par typar pålegg.
  • Lat bursdagsbarnet få velje mellom forskjellige menyar som er sette saman av sunne og gode rettar.
  • Vel ut eit knippe markeringar og arrangement i løpet av barnehageåret der de ønskjer å ha kake og saft. Lat barna ete det vanlege måltidet først. Kaka kan komme etterpå.
  • Vatn kan festpyntast med oppskoren frukt til festlege høve. Alternativt kan ein servere eplejuice blanda med mineralvatn utan sukker.

Også mange foreldre er opptekne av at barna skal ete næringsrik mat, og ønskjer ikkje at barna skal bli kjende med godteri og brus mens dei er små. Barnehagen bør ta omsyn til dette. Markeringar treng heller ikkje alltid å omfatte mat og drikke. Aktivitetar og opplevingar kan vere vel så spanande for barna.

Kjelde: Helsedirektoratet
Helsedirektoratet oppdaterer sidene sine kontinuerleg.

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter