Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mat på merkedagar

Både i barnehage og skule er ein oppteken av å følgje tilrådingane om mindre metta feitt og sukker i kosten. Samstundes veit vi at det kan bli mange festdagar, og det krev medvit om kva ein skal servere på bursdagar, og kva ein skal servere på andre merkedagar.

Ulike grønnsaker og frukt. foto.

Korleis barnehagen og skulen skal markere ulike dagar, er eit aktuelt tema for foreldremøte. Vedtaka kan leggjast ut på heimesider og gjerast kjende gjennom informasjonsskriv.

I løpet av eit år er det mange merkedagar som skal markerast i barnehage og skule. Det er til dømes

  • bursdagar
  • religiøse merkedagar som jul, påske og id
  • kulturelle markeringar som 17. mai, karneval, sommarfest og Lucia-dagen

Når barnehagar og skular lagar årsplanar, må dei ofte diskutere følgjande punkt:

  • Kva for dagar skal markerast?
  • Korleis skal dagane markerast?
  • Skal markeringane vere for heile barnegruppa eller for mindre grupper?
  • Korleis legg ein til rette for barn som ikkje markerer bursdagar, som til dømes medlemmer av Jehovas vitne?

Døme på informasjon

Sukkerfrie bursdagsfeiringer i Strømmen barnehage

Etter ønske fra foreldregruppa har barnehagens personale besluttet å innføre sukkerfrie bursdagsfeiringer i barnehagen. Dette innebærer at vi ikke ønsker at kake, is, gelé og annet godteri medbringes til feiringer. Dette innføres fra 1. august 2008.

Dette vil først og fremst berøre bursdagsfeiringene. Personalet er i ferd med å utarbeide en bursdagsmeny med seks til åtte ulike menyforslag. Her kan dere få tips til hva dere kan ha med når deres håpefulle fyller år! Ellers er det mulighet for å ha med andre ting enn det som står i menyen, men vi ønsker å ha fokus på sunne alternativer.

Personalet ønsker å presisere at vi ikke er en sukkefri barnehage, men at vi vil ha en reservert holdning til sukkerholdige matprodukter. Ved 17. mai-arrangementer, sommerfester, juletrefester, Lucia-markering og andre spesielle anledninger kan kaker, is og andre usunnheter forekomme.

Kjelde: Strømmen Barnehage - Skedsmo kommune.

I skulen er det mindre vanleg med matservering knytt til bursdagar, sjølv om nokre foreldre vitjar skulen med kaker når barnet har bursdag. Bursdagar kan vere eit fint høve til å auke bruken av frukt og grønsaker. Å late barnet velje ut nokre fruktsortar og servere dei til skulemåltidet er ein god idé.

Utfordringar til deg

  1. Diskuter korleis barnehagar og skular bør feire bursdagar.
  2. Les informasjonen frå Strømmen barnehage. Lag deretter ditt eige infoskriv som skildrar korleis bursdagar blir feira i ein tenkt barnehage.
  3. Søk på nettet og finn fagstoff om bursdagsfeiringar i barnehage og skule. Kva finn du?
  4. Planlegg, gjennomfør og vurder ei bursdagsfeiring saman med klassen din. Vel mat og drikke med lite sukker.
  5. Ta kontakt med barnehagar og skular i kommunen eller bydelen din og finn ut korleis dei feirar bursdagar.
  6. Bruk Mat på data og rekn ut næringsinnhaldet i ei sukkerhaldig og ei sukkerfri bursdagsfeiring. Kva lærte du av dette?
  7. Vel ut nokre av oppskriftene frå heftet og lenkjene du finn på sida. Prøv ut oppskriftene, og skriv ei vurdering av prosess og produkt.
  8. Som elev på Vg1 såg du kanskje filmen «Kake i barnehagen». Sjå han ein gong til.
    • Kva tenkjer du om filmen no?
    • Kva for informasjon kan det sjå ut som pappaen ikkje har fått?
    • Styraren held seg til reglar som er vedtekne. Kva synest du om det?

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter