Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Oppskrifter frå NRKChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Oppskrifter frå NRK

Kun fantasien set grenser for kva ein kan lage av mat og dessert ute i naturen. Har du til dømes prøvd egg kokt i potet?

forskjellige typer frukt og grønnsaker. Foto

Egg i potet

Skjær av toppen på ei stor potet. Bruk ei skei til å hòle ut poteta til holrommet er stort nok til å romme eit rått egg. Tøm egget over i poteta og legg på potetlokket. Pakk poteta inn i aluminiumsfolie og legg henne i glørne på bålet. Etter cirka 20 minutt er egget kokt.

Pytt-i-panne

Smelt smør i ei steikepanne. Fres sopp, purreløk, løk og bacon før du har i potetene. Til slutt slår du over fløyte. Drys til slutt riven ost over. Smak til med salt og pepar. Denne retten krev at du har med deg ei steikepanne.

Gamle svarten

Legg skinke og ost på den eine sida av ei tortillalefse, og ta på ketchup og sennep. Rull tortillaen saman og pakk han inn i aluminiumsfolie. Legg pakken på glørne i cirka 3–4 minutt. Hugs å snu han ofte.

Fiskeburgarar

Del eit rundstykke i to, og legg fiskekake, purreløk, ketchup og ost imellom. Pakk fiskeburgaren inn i aluminiumsfolie og legg han i glørne i cirka 5 minutt.

Banansplitt

Snitt bananen på langs utan å skrelle han først. Legg i sjokoladebitar og nøtter. Brett folie rundt bananen, men ikkje lat heilt att. Når sjokoladen er heilt smelta, er desserten ferdig.

Sjokoladekake i appelsin

Skjer eit lite lokk av appelsinen og ta vare på det. Appelsinen hòlar du ut slik at du får plass til mest mogleg kakefyll i han. Etter å ha fylt appelsinen set du på lokket og pakkar appelsinen inn i folie. Legg han på glørne i cirka 20–25 minutt.

God tur!

Gitt att med løyve frå NRK
Skrive avRenee Nilsen

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter