Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Utfordringar knytte til måltidetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Utfordringar knytte til måltidet

Mange barnehagar og skular diskuterer korleis dei skal få barna til å ete meir sunn mat. Men kva betyr det eigentleg? Skal ein seie at sjokoladepålegg ikkje er lov? Kvar skal ein setje grensa, og kven har rett til å bestemme kva barna skal ete? I Danmark blei det slege fast rettsleg at det er foreldra som bestemmer kva barna skal ha i matpakken.

forskjellige typer frukt og grønnsaker. Foto

Som barne- og ungdomsarbeidar møter du fleire utfordringar knytte til kosthald.

Ein del barn og unge

  • et for mykje sukker
  • har ikkje med seg matpakke
  • kastar matpakken i søpla
  • et for lite frukt og grønsaker
  • et for mykje metta feitt
  • har lite kunnskap om kosthald og helse
  • har lita røynsle med å lage mat

Økologisk mat

Økologisk mat blir produsert på naturen sine premiss og på ein måte som i størst mogleg grad tek omsyn til dyra si naturlege åtferd og naturlege behov. I Noreg er det organisasjonen Debio som kontrollerer at alle produkt som er Ø-merka, er produserte i samsvar med regelverket for økologisk produksjon. Kjelde: Matportalen

Diskusjonar om bruk av økologisk mat har begynt i ein del barnehagar og skular. Fleire foreldre og tilsette er meir og meir opptekne av kvar maten kjem frå, og av at maten skal vere trygg og rein.

Nokre barnehagar og skular har fast levering av økologisk mat og mjølk, mens andre produserer økologisk mat sjølve. Ein del kommunar tilbyr kurs i bruk av økologisk mat. Under «Relatert innhald» finn du fagstoff om økologisk mat frå nettstaden til restaurant- og matfag.

Kva er trygg mat?

Som forbrukar kan det vere vanskeleg å vite kva som er trygg mat. Å servere trygg mat krev god kunnskap på ei rekkje område, til dømes hygiene, lagring, tilsetjingsstoff, emballasje og lagringsevne. Det er viktig at barn, ungdom og foreldre kan stole på at du har kunnskap på desse områda slik at barn og ungdom ikkje vert sjuke av den maten dei et.

Utfordringar til deg

Oppgåver til "Utfordringar knytta til måltidet"
  1. Kva for utfordringar finst når det gjeld barn og kosthald?
  2. Kva for utfordringar finst når det gjeld ungdom og kosthald?
  3. Diskuter moglege svar på utfordringane som er nemnde i teksten.
  4. Intervju ein tilsett i ein barnehage om korleis dei møter desse utfordringane.
  5. Kven skal bestemme kva barna kan ha med seg av mat og drikke i barnehagen?
  6. Kva for problem kan oppstå dersom foreldra og barnehagen har ulike meiningar om kva som er greitt å ha med seg av mat og drikke?
  7. Forklar kva økologisk mat er, og prøv ut nokre matrettar laga av økologisk mat.
  8. Grunngi synet ditt på bruk av økologisk mat.
  9. Kva er trygg mat?

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter