Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kokebok

Som barne- og ungdomsarbeidar må du kunne lage mat. Her finn du lenkjer til sider med gode oppskrifter. Du må sjølv prøve dei ut og finne ut kva du liker å lage. Sjå også den digitale kokeboka som ligg under verktøy-fanen.

Dei fleste som skal lage mat til seg sjølv eller andre, er avhengige av å ha ei god oppskrift. Det er likevel slik at vi lagar vår eigen vri på mange av dei oppskriftene vi finn. Kanskje inneheld oppskrifta ein ingrediens som vi ikkje er så glad i, eller vi ønskjer å redusere feitt- eller sukkerinnhaldet. Når vi endrar ei oppskrift vi liker godt, skriv vi gjerne ned endringane slik at vi har dei til neste gong vi skal bruke oppskrifta.

På denne sida finn du lenkjer til ulike nettstader som har gode oppskrifter på mat og drikke.

I løpet av skuleåret skal du saman med klassen og læraren din prøve ut nokre oppskrifter. Dette er oppskrifter du kan få bruk for seinare, både som fagarbeidar og som privatperson. Du kan lage deg ei kokebok med oppskrifter som du vil bruke seinare. Kokeboka di kan vere digital eller på papir. Hugs å skrive ned dei endringane du gjer i originaloppskriftene.

Når du skal lage mat, er det fleire forhold du må ta stilling til:

  • Ønskjer du å lage maten frå botnen av eller med halv- og heilfabrikata?
  • Vil du bruke økologiske matvarer?
  • Kva har du råd til?
  • Kva med salt-, sukker- og feittinnhald?
  • Vil du at barna skal ta del i matlaginga?
  • Kor mykje omsyn skal du ta til kva barna liker?

Utfordringar til deg

Oppgåver til "Kokebok"
  1. Kva meiner vi med økologisk mat?
  2. Kva er fordelar og ulemper med
    • å lage maten frå botnen av?
    • å bruke halv- og heilfabrikata?
  3. Korleis vil du bruke sukker i kosthaldet når du skal jobbe med barn og ungdom?
  4. Kva for typar feitt er bra for kroppen, og kva for type bør vi avgrense bruken av?
  5. Finn ut kva for typar måltid barn et i ein eller fleire barnehagar i kommunen eller bydelen din.
  6. I kor stor grad meiner du at barn bør ta del i matlaginga?
  7. Kva gjer du dersom barnet ikkje liker den maten du lagar?

8 Lag di eiga kokebok

Du bør prøve ut nokre av oppskriftene. Ta vare på dei oppskriftene du bruker, i ei oppskriftsbok eller i ei mappe på pc-en din. Her er nokre punkt det kan vere nyttig å notere ned:

  • Har du endra noko på oppskrifta?
  • Kor lang tid tok det å lage matretten?
  • Korleis smakte det?
  • Kor mange vil det vere nok til?
  • Kva blir prisen?

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter