Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Retningslinjer for måltidet ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Retningslinjer for måltidet

Frokost med melk. Foto.

Her finn du viktige reglar for måltidet.

  1. Barnehagen bør leggje til rette for minimum to faste, ernæringsmessig fullverdige måltid kvar dag med medteken eller servert mat

    Det bør leggjast til rette for minimum to faste måltid kvar dag. Måltida i barnehagen kan vere medteken eller servert mat og drikke. Maten kan vere kald eller varm. Det bør vere eit mål for barnehagen at maten held ernæringsmessig god kvalitet, smaker godt og ser freistande ut. For å vere ernæringsmessig fullverdige bør måltida vere sette saman av fleire ulike matvarer og innehalde mjølk og vatn.

    Barnehagen må sjå sitt eige tilbod av mat og drikke i samanheng med den medtekne maten og vurdere korleis den ernæringsmessig kvaliteten best kan sikrast. Her er dialogen mellom heim og barnehage vesentleg. Barnehagen bør arbeide for at maten som er teken med heimanfrå, er sunn og variert. Som døme bør mat og kosthald takast opp som tema i møte med foreldre og føresette. Samtidig må barnehagen vere lydhøyr for innspel frå foreldre og føresette når det gjeld det som blir servert av mat og drikke til barna.

  2. Barnehagen bør setje av god tid til kvart måltid, minimum tretti minutt til å ete, slik at barna får i seg nok mat

    Ro og god tid til å ete er viktig for at alle barna skal få i seg nok mat. Nokre barn et sakte, mens andre et fort. Uansett er det viktig at barna lærer å ta seg god tid til å ete saman med andre. Ein må setje av minimum tretti minutt til sjølve måltidet, og det vil seie at tid til førbuingar og etterarbeid kjem i tillegg.

  3. Barnehagen bør leggje til rette for at dei barna som ikkje har ete frukost heime, kan få gjere det i barnehagen

    Mange barn kjem i barnehagen utan å ha ete frukost heime. Barnehagen bør difor innafor ei viss tidsramme leggje til rette for at desse barna kan ete medteken frukost dersom det ikkje er eit fast frukosttilbod i barnehagen. Mjølk og vatn bør vere tilgjengeleg for barna som et medteken frukost i barnehagen.

  4. Barnehagen bør ha maksimum tre timar mellom kvart måltid. Nokre barn, særleg dei yngste, kan ha behov for å ete oftare

    Barn er aktive og treng regelmessig påfyll av energi, næring og væske til vekst, utvikling, leik og læring. For barn er det òg viktig å utvikle god appetittregulering. Dei må lære å bli medvitne om kjensle av svolt, tørst og det å vere mett. Småeting mellom måltida er ikkje gunstig. Regelmessige og godt samansette måltid er i denne samanhengen vesentleg, og i barnehagen bør det ikkje gå meir enn tre timar mellom måltida.

    Nokre barn, særleg dei yngste, må kanskje ete oftare for å få i seg nok mat. På avdelingar med mange småbarn bør barnehagen vurdere om det skal leggjast opp til hyppigare måltid enn kvar tredje time.

  5. Barnehagen bør leggje til rette for at dei vaksne skal ta aktivt del i måltidet og ete saman med barna

    Dei vaksne bør ta aktivt del i måltidet og ete saman med barna, av fleire årsaker. Gjennom måltida skal barna få energi og næring. Men måltida har òg mykje å seie som sosial og kulturell arena i barnehagekvardagen. Som sosial arena er dei viktige for møtet mellom barn og mellom barn og vaksne, og dei gir ei strukturert ramme for samspel og dialog.

    Vaksne er viktige rollemodellar, og barna lærer korleis ein skal te seg rundt eit bord, med å sjå kva dei vaksne gjer. Her kan det òg snakkast om mat og kosthald i ein naturleg samanheng. Det kan hjelpe til med å utvikle barna sin kompetanse om mat i eit breitt perspektiv, til dømes om namn på matvarene, kvar dei kjem frå, og korleis dei vert brukte, mattradisjonar lokalt og i andre kulturar, kva næringsstoffa betyr for kroppen og korleis det kjennest å vere svolten, tørst og mett. Måltidet er òg ein arena for å stimulere sansane med smak, lukt, farge, konsistens og form.

  6. Barnehagen bør leggje til rette for eit godt fungerande og triveleg etemiljø

    For å oppnå eit godt fungerande etemiljø bør ein arbeide for god fysisk tilrettelegging for måltida. Det kan vere nødvendig å sjå på korleis bord og stolar er plasserte i rommet og vurdere om det skal delast opp i mindre etegrupper, eller om barna skal fordelast på fleire rom. Utstyr, dekkety, bord og stolar bør vere tilpassa alderen og funksjonsnivået til barna.

    Ei triveleg og hyggjeleg stemning rundt bordet kan fremje appetitten og lysta på variert mat. Det er mange måtar å fremje trivsel på, og her må barnehagen sjølv finne ut kva som er viktigast. Nokre element kan vere estetikk, kommunikasjon og bordskikk. Sjå òg punkt 2, blant anna om betydninga av ro under måltidet.

  7. Barnehagen bør sørgje for god hygiene før og under måltida og ved oppbevaring og tillaging av mat

    God hygiene og riktig temperatur ved oppbevaring og tillaging av mat er nødvendig for å sikre at maten er helsemessig trygg. Medteken mat bør òg oppbevarast kjøleg. Det er viktig at barna lærer kva som er god hygiene i samband med mat og måltid. Eit viktig moment er å innføre gode rutinar for handvask. Det inneber at barna alltid skal vaske hendene før dei et, og alltid før matlaging. Her må dei vaksne gå føre med eit godt døme.

    Barnehagen har ansvar for å melde frå om kva slags mattilbod dei har, til det lokale mattilsynet. Gjennom meldeplikta vil barnehagen kunne få nyttig informasjon om kva reglar som gjeld for å sikre helsemessig trygg mat og fot at oppbevaring og tillaging skjer under tilfredsstillande vilkår.

  8. Barnehagen bør ta vare på den pedagogiske funksjonen måltida har

    Arbeidet i barnehagen med mat og måltid bør forankrast i årsplanen. Kva slags pedagogiske mål og kva funksjon måltida skal ha, blir bestemt av rammevilkåra til kvar barnehage. Barnehagen, ved styrar og pedagogisk leiar, blir oppfordra til, i samarbeid med føresette, å definere korleis måltida skal brukast i det pedagogiske arbeidet i barnehagen.

    Måltida i barnehagen bør ha som mål å fremje gode kostvanar og helse. I tillegg kan ei rekkje pedagogiske aktivitetar og mål knytast til mat og måltid. Døme på slike aktivitetar er å ta del i matlaging, dyrking, hausting og lokal matproduksjon, å lære om ulike mattradisjonar i ulike kulturar, språkleg utvikling, utvikling av lukte- og smakssans og utvikling av finmotorikk, sjølvstende, samspel med andre og kunnskap om samanhengen mellom mat, kropp og helse. I vurderinga av kva for pedagogiske mål og aktivitetar som skal knytast til arbeidet med mat og måltid, kan ein med fordel sjå alle punkta i retningslinjene i samanheng med dette.

Kjelde: Helsedirektoratet
Helsedirektoratet oppdaterer sidene sine kontinuerleg.

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter