Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. MåltidaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Måltida

Måltid finn stad dag etter dag, og dei gir gode høve for læring på mange område. Eit måltid handlar om mykje meir enn å ete.

forskjellige typer frukt og grønnsaker. Foto

Måltid betyr samhandling og felleskap. Dei er ein del av danninga vår og gjer sitt til at barn utviklar sosial kompetanse. Barn lærer av å sjå på kvarandre. Dei påverkar kvarandre på godt og vondt, også når det gjeld mat.

Det er viktig at personalgruppa har ei felles oppfatning av kva betydning måltida skal ha til kvardags og ved spesielle høve. Heile personalgruppa bør gå gjennom dei nasjonale retningslinjene for mat og måltid i barnehagen. Dei bør leggjast til grunn når barnehagen skal definere felles målsetjingar for måltida i barnehagen. Det er viktig å ta utgangspunkt i situasjonen til barnehagen når det gjeld barnegruppa, personalgruppa, opningstider og fysiske og økonomiske rammevilkår.

Ved at ein bruker måltida på ein medviten måte som ein pedagogisk arena, tek ein vare på den heilskaplege verdien av måltida i barnehagekvardagen.

Del av fagteksten «Barnehagen har eit ansvar».

Kjelde: Helsedirektoratet
Helsedirektoratet oppdaterer sidene sine kontinuerleg.

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter