Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Måltidet – meir enn berre mat ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Måltidet – meir enn berre mat

Behovet for mat er eit av dei som vi menneske må få tilfredstilt for å overleve. Maten speler ei sentral rolle for veksten og utviklinga av kroppen på alle område. Difor er det viktig at vi legg vekt på gode opplevingar knytte til maten. Det er uheldig å bruke mat som påskjøning eller straff.

Bord med tako sett ovenfra. foto.

Måltidet inneheld ei mengd element som gir barnet høve til sosial trening. Under finn du ein del av dei. Kanskje du kan finne fleire?

  • vente på tur
  • sende til andre
  • takke for maten
  • setje på og ta av bordet
  • prate med andre
  • dele
  • begynne og avslutte i lag
  • sitje i ro
  • smake på maten

Barne- og ungdomsarbeidaren er ein rollemodell for både barn og ungdom, også under måltidet. Som profesjonell yrkesutøvar bør du derfor ha tenkt gjennom kva du seier og korleis du oppfører deg ved matbordet. Dei tilsette bør vere einige om hovudprinsippa for korleis måltidet skal gå føre seg.

Måltid i barnehagen og på skulen skjer i felleskap med fleire. Det gir barnet trening i samhandling. Det er vanleg at dei vaksne har ei sentral rolle i måltidet. Når barna blir større, varierer det kor mye dei vaksne tek del, men også store barn vil ha glede og nytte av at vaksne et saman med dei.

Barna kjem med ulike røynsler og tradisjonar knytte til måltidet. Nokre barn opplever måltidet som trygt og godt, og dei har òg trening i å ete med andre. Andre barn kan bli usikre på korleis dei skal oppføre seg ved bordet. Ein del barn kan ha opplevd knappleik på mat. Etter å ha observert barna under måltidet kan ein som vaksen støtte barna for det dei er flinke til, og rettleie dei på område der dei treng hjelp.

Nokre reglar er nødvendige, og det å vaske hendene og finne plassen sin kan dei fleste klare. For mange og for strenge reglar er ikkje ønskjeleg. For små barn kan det å sitje roleg under heile måltidet kjennast vanskeleg. Det er viktig å tilpasse reglane etter føresetnadene til barna.

Måltidet kan medføre både gode opplevingar og konfliktar. Difor er det viktig å ha gode rutinar som gjer at vi tek vare på kvart barn i situasjonar der det er nødvendig. Måltidet gir god trening i kommunikasjon og samhandling.

Måltidet er ein læringsarena for barnet. Tidlegare blei kunnskap om matlaging og kost overført frå generasjon til generasjon, gjerne som taus kunnskap. I dag er dette ikkje sjølvsagt, for mange barn og unge har liten kunnskap om kva kosten har å seie, og om matlaging.

Det er viktig å gi rom for innspel frå barna. Dei må få prøve seg på praktiske gjeremål, til dømes å bake brød. Heilt frå barnet begynner i barnehagen, kan det ta del i praktiske gjeremål. Dei må berre tilpassast utviklinga til barnet. Innspela frå barna bør takast godt imot.

Utfordringar til deg

  1. Diskuter korleis barn frå
    • ulike familiar
    • ulike landsdelar
    • ulike kulturar
    kan ha lært ulike bordskikkar, og korleis du kan møte barn med ulik bakgrunn.
  2. Korleis kan barnet få sosial trening under måltidet?
  3. Du liker brus og ønskjer å ha med deg det i barnehagen. Kan du det?
  4. Du liker ikkje graut, så dei dagane barnehagen har graut, har du med deg din eigen matpakke. Er det greitt?
  5. De er på tur, og dei vaksne kjøper seg mat, mens barna et matpakke. Kva tenkjer du om det?
  6. Kva betyr det å vere ein rollemodell?
  7. Skriv ned korleis du meiner vaksne bør oppføre seg under måltidet.
  8. Ein av dei vaksne i barnehagen skal ha pause etter måltidet. Mot slutten av måltidet legg ho snuseska på bordet. Barna reagerer ikkje på det. Korleis ville du stilt deg til det?

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter