Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Noregs astma- og allergiforbund: Mat og matvareoverfølsemdChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Noregs astma- og allergiforbund: Mat og matvareoverfølsemd

Unormale reaksjonar på mat, såkalla matvareoverfølsemd, rammar mange barn og ein god del vaksne. Vi skil mellom allergiske reaksjonar på mat og overfølsemd overfor ingrediensar i maten.

forskjellige typer frukt og grønnsaker. Foto

Ved matvareallergi angrip immunforsvaret i kroppen protein frå maten som han opplever som farlege inntrengjarar. Sjølv små spormengder av maten som ein ikkje toler, kan vere nok til å utløyse ein allergireaksjon. Reaksjonane kjem vanlegvis raskt etter inntaket av matvarene og kan i nokre tilfelle vere alvorlege.

Ved andre typar matvareoverfølsemd er ikkje immunsystemet involvert, men symptoma som oppstår, kan likne allergireaksjonane. Dei kjem litt langsamare, er mindre alvorlege og er avhengige av mengda mat som er eten.

Nemninga intoleranse blir ofte brukt på tilstandar der ein observerer ein matvarereaksjon utan at ein ser det på laboratorietestar. Det finst mange former for matvareoverfølsemd, eller matintoleranse, som det òg blir kalla.

Kjelde: naaf.no
Naaf.no oppdaterer kontinuerleg sidene sine.

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter