Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Noregs diabetesforbund: Kva bør skulen vite om diabetes?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Noregs diabetesforbund: Kva bør skulen vite om diabetes?

I Noreg får cirka 200 barn under 15 år diabetes kvart år. Det er difor viktig at skulen har informasjon om sjukdommen og sørgjer for tilrettelegging for barnet dersom det trengst.

Blodglukosemåler. Foto.

Dette bør skulen vite om diabetes

Diabetes er den vanlegaste stoffskiftesjukdommen vår. Type 1-diabetes kjem av at dei insulinproduserande cellene blir øydelagde, og betyr at insulin må injiserast med sprøyte eller penn ein eller fleire gonger dagleg resten av livet. Dette fører til at foreldra saman med barnet må arbeide for ein balanse mellom insulin, aktivitet og mat gjennom heile døgnet.

Eit barn med diabetes får eit stort ansvar når det skal passe på regelmessig mattilførsel, blodsukkermåling og god insulinbalanse gjennom skuledagen. Nokre elevar klarer dette sjølve, mens andre treng hjelp til det.

Det er difor viktig at skulen har informasjon om sjukdommen, og at læraren lærer å måle blodsukker og hjelpe eleven. Det er svært viktig å ha sukker tilgjengeleg i klasserommet, i gymsalen og under bading. Det er òg svært viktig med god kontakt mellom skolen og heimen, ikkje minst gjennom klassekontakten.

Fysisk aktivitet

For eleven krev sjukdommen god planlegging med ekstra mat ved aktivitetar som gymnastikk, bading og turar. Ein må òg vere merksam på at blodsukkeret kan halde fram å søkke i mange timar etter at aktiviteten er avslutta. Det er sunt for personar med diabetes å drive idrett, og aktivitet er tilrådd. På turar må ein ta med ekstra mat («følingsmat»). Også spenning og stress påverkar blodsukkeret.

Mat

Mat for personar med diabetes er ikkje meir spesiell enn den kosten som Statens råd for ernæring og fysisk aktivitet rår alle til å ete. Det vil seie variert samansett kost med mykje fiber og grønsaker, avgrensa mengd metta feitt og salt, og lite sukker. Festmat kombinerer ein ofte med ekstra tilførsel av hurtigverkande insulin.


Eksamen

I grunnskulen og i vidaregåande utdanning har personar med diabetes rett til éin time ekstra tid på alle eksamenar. Universiteta og høgskulane har stort sett eigne reglar som regulerer retten til eksamen. Legeerklæring bør leverast i god tid før eksamen. Ekstra tid utover ein time blir påført vitnemålet.

Å ha diabetes inneber at ein må passe på insulinbalansen. Dette er òg viktig for livskvaliteten. Sjukdommen fører til legebesøk minst fire gonger i året, i periodar fleire. Ved dokumentert langvarig og kronisk sjukdom skal ein ikkje føre opp fråvær avgrensa oppover til 14 dagar i skuleåret som fråvær, men prøve å kompensere for det ved eigeninnsats frå eleven og tilrettelegging frå skulen.

Symptom på føling (lågt blodsukker)

Nokre gonger kan blodsukkeret bli for lågt. Symptom på insulinføling er

  • svoltkjensle
  • sveitting
  • konsentrasjonsvanskar
  • skjelving
  • at ein vert bleik
  • uro eller irritabilitet
  • sinne
  • at ein vert sløv

Lågt blodsukker skal alltid behandlast og fører til at barnet må ete ved behov gjennom skuledagen og i timane. Lågt blodsukker oppstår ofte i timen før matpausen eller på slutten av dagen. Ei føling som oppstår på skulen, må behandlast der og då. Ikkje send barnet heim eller lat det vere åleine ved føling!

Behandling ved føling

Ei lett føling kan behandlast med frukt, til dømes eit eple.

Ved sterkare føling

Gi barnet to–tre sukkerbitar, eventuelt oppløyste i vatn, eit glas mjølk, eit glas saft eller brus med sukker. Gir barnet brødmat etterpå, sidan søt drikke verkar fort, men ikkje lenge.

Dersom blodsukkeret blir så lågt at eleven svimar av, bør ein prøve å gi ei til to store skeier honning på innsida av kinna eller på tennene. Melisglasur eller vanleg sukker oppløyst i vatn kan òg godt brukast. Viss dette ikkje går fort over, må skulen kontakte lege.

Ein må aldri gi drikke i ein medvitlaus person, sidan det kan gå til lungene.

Ei føling gir seg som regel etter 5–15 minutt, og barnet må ha tilsyn i denne tida. Det kan òg bli nødvendig å tilføre endå meir sukker eller søt drikke. Har barnet med seg blodsukkerapparat på skulen, kan det òg brukast når ein er i tvil. Foreldra bør underrettast viss barnet har hatt sterkare følingar på skulen.

Kjelde: diabetes.no
Diabetes.no redigerer fagstoffet sitt kontinuerleg.

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter