Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Noregs diabetesforbund: Kva er rett kosthald?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Noregs diabetesforbund: Kva er rett kosthald?

Uavhengig av kva for type diabetes ein har, har kosthaldet innverknad på blodsukkernivået, kolesterolverdiane og blodtrykket. Folk med diabetes må difor, som ein del av eigenbehandlinga, ete ekstra sunt.

forskjellige typer frukt og grønnsaker. Foto

Maten bør innehalde

  • mykje fiber i form av grove kornprodukt, grønsaker og frukt
  • mindre feitt frå kjøt og meieriprodukt og meir feitt frå fisk og plantekjelder
  • mykje karbohydrat, men lite reint sukker

For å få ei god blodsukkerregulering er det ein fordel at maten blir fordelt på fleire måltid utover dagen, slik at det ikkje blir få og dermed store måltid.

Regelmessig kvardagskost gjer det lettare å finne ein god balanse mellom blodsukker og medikament.

Mange personar med diabetes må ta ekstra omsyn til kosten fordi dei er overvektige, har høgt blodtrykk eller for mykje feittstoff i blodet. Har ein ikkje desse problema, er det stort sett effekten maten har på blodsukkeret, ein treng å tenkje på.

Det finst to typar diabetes:

  • Ved type 1-diabetes manglar insulin i kroppen, og ein må alltid ta insulin med sprøyter.
  • Type 2-diabetikarar har insulinproduksjon i kroppen, men insulinet verkar dårleg i forhold til behovet. Mange med type 2-diabetes regulerer blodsukkeret godt nok med mosjon og riktig kost. Andre treng i tillegg blodsukkersenkande tablettar eller insulin.
  • Det er store skilnader mellom type 1- og type 2-diabetes og mellom ulike behandlingsmåtar, men ein bra kost vil alltid gi eit godt grunnlag for god blodsukkerregulering. Individuelle skilnader kan vere store, slik at det som er riktig for ein person, ikkje nødvendigvis passar for ein annan.
Av Linn Elise Frenningsmoen
Kjelde: diabetes.no
Diabetes.no redigerer fagstoffet sitt kontinuerleg.

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter