Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mat og helse

Mat og drikke i barneåra dannar grunnlaget for kostvanar i vaksen alder. Dermed vil det barn et, kunne få betydning for helsa som vaksen. Det er foreldra som har hovudansvaret for kosthaldet til barn og unge, men som barne- og ungdomsarbeidar har du eit medansvar. Det betyr at du må halde deg oppdatert om kva som er riktig kosthald.

Grønnsaksgryte med "pinnebrød". Foto.

For å ta eit medansvar for helsa til barn og unge må du ha kunnskap om

  • kosthald og helse
  • tilrådingar og lovverk
  • folkehelse og livsmeistring

Etter kvart som barna blir store nok til å forstå samanhengen mellom kosthald og helse, bør dei få opplæring i sunt kosthald. Barna bør få kunnskap om korleis kosthaldet påverkar helsa på kort og lang sikt.

Mange barn og unge har eit godt kosthald og gode kunnskapar om betydninga av kosthaldet for helsa. Andre har eit dårlegare kosthald. Nokre av dei problema vi ser som er knytte til barn og kost, er at kosthaldet inneheld

  • for mykje metta feitt, sukker og salt
  • for lite fisk
  • for lite matvarer som er rike på kostfiber, slik som grove kornvarer, grønsaker og frukt
  • for mange sukkerhaldige produkt
  • for lite D-vitamin (gjeld i hovudsak innvandrarar med ikkje-vestleg bakgrunn)
  • for lite jern

Dette aukar blant anna risikoen for utvikling av

  • hjarte- og karsjukdommar
  • kreft
  • overvekt
  • diabetes type 2
  • tannråte
  • forstopping

Ein del barn og ungdom har sjukdommar som krev tilrettelegging av kosten. Kor mykje tilrettelegging dei treng, vil variere.

Dei vanlegaste sjukdommane er

  • diabetes type 1
    Vi rår deg til å bruke lenkja til nettstaden diabetes.no. Sjå òg fagstoff.
  • matvareallergi og matintoleranse
    Vi rår deg til å bruke lenkja til nettstaden naaf.no. Der vil du finne fagstoff om blant anna kost ved ulike former for matvareallergi og matintoleranse. Sjå òg fagstoff.

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er kosthaldet til barn viktig?
  2. Kva for utfordringar har vi i det norske kosthaldet?
  3. Kva for sjukdommar kan feil kosthald føre til?
  4. Les sidene til Helsedirektoratet om kosthald og helse, og ta notat mens du jobbar med fagstoffet.
  5. Intervju barn i ulike aldrar om samanhengen mellom kosthald og helse.
  6. Kva trur du er grunnen til at vi er så opptekne av å få ned sukkerinnhaldet i kosten?
  7. Gjer deg kjend med nettstaden naaf.no.
  8. Gjer deg kjend med nettstaden diabetes.no.
  9. Kva kan du finne ut om sosiale skilnader når det gjeld kosthald og helse?

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter