Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mat for ungdom

Kost har særleg stor betydning for utviklinga i periodar når kroppen endrar seg mykje. Utviklinga hos ungdommen er avhengig av eit godt kosthald, og som vaksen kan du rettleie dei unge i kosthaldsspørsmål.

Paprika, salat og bananer. Foto.

Det er viktig med regelmessige og næringsrike måltid for ungdom. Sukker og metta feitt er eit problem for ein del ungdommar mens andre har eit sunt kosthald.

I ungdomsalderen er nokre svært aktive og treng ekstra energi. Andre ungdommar vert passive og bruker mykje tid på tv og data, og desse har behov for eit kosthald som førebyggjer overvekt.

I ungdomsskulealderen er det ein tendens til at matpakke er "ut". Det er vanskeleg å motivere ungdommane til å ta med matpakke til skulen. Det aukande behovet for å markere sjølvstende og fridom frå foreldre og andre vaksne gir seg blant anna utslag i opposisjon mot "matpakken". Mange legg turen innom kiosken eller butikken og kjøper "bollar og brus" i friminutta.

Under fana "Relatert innhald" finn du retningslinjer for skulemåltidet. Dei vil hjelpe deg når du skal setje saman skulemåltidet.

Utanom skulen kan du få eit medansvar for kosthaldet til dei unge, som i ungdomsklubbar og på ulike arrangement. Dei same kostråda gjeld der som i skulen.

Utfordringar til deg

  1. Gå til skulekantina. Kva tilbyr ho av mat og drikke?
    Vurder tilbodet, og kom med forslag til sunne alternativ du ville selt i kantina.
  2. Lag ei liste med forslag til korleis ein kan redusere sukkerinnhaldet i kosthaldet til ungdom.
  3. Kva bør ein tilby som drikke i skulen?
  4. Oppsøk ein ungdomsklubb, sjå kva som vert servert av mat der, og vurder tilbodet.

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter