Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Mat i barnehagenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mat i barnehagen

På denne sida finn du fagstoff om mat til ulike aldersgrupper i barnehagen. Eit sunt og godt kosthald frå barna er små, er viktig for trivsel, vekst og utvikling.

Ulike grønnsaker og frukt. foto.

Barna et mange av måltida sine i barnehagen, og dermed får du eit medansvar for kostvanane deira. Som barne- og ungdomsarbeidar i barnehagen må du kunne lage riktig mat for barn frå 0 til 6 år.

I relaterte artiklar finn du

  • ei rekkje lenkjer som er nyttig når du skal lage mat for barn.

Når ein skal lage mat for barn, bør ein kjenne dei statlege retningslinjene for kosthald, og ein må kunne tolke merkinga på matvarene.

Det beste er å velje matvarer som alle barna i barnehagen kan ete, men for nokre barn må ein leggje til rette måltida. Dette gjeld barn som treng andre matvarer på grunn av helse, kultur eller religion.

I tilfelle der barnet må ha annan mat enn resten av barnegruppa, er den beste kjelda til informasjon vanlegvis foreldra til barnet. Det er svært viktig at du har kunnskap som sikrar at barnet får riktig mat. Internett og bøker er òg gode kjelder til slik informasjon.

Lenkjesamling med fagstoff og video

Morsmelkerstatning (fagstoff)

Mat for barn mellom 6 og 9 månader (fagstoff)

Mat for barn mellom 9 og 12 månader (fagstoff)

Mat for barn frå eitt år (fagstoff)

Mat i barnehagen (video)

Korleis få ungar til å ete fisk? (video)

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter