Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Kost og ernæringChevronRight
  4. Mat på tur. Svolten i friluftChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Mat på tur. Svolten i friluft

forskjellige typer frukt og grønnsaker. Foto
Dei fleste har erfart at mat og drikke smaker ekstra godt på tur og ute i frisk luft. Mange barnehagar fer regelmessig på tur med barna. Det gir gode opplevingar for både små og store. Tur og utflukter inneber ofte at måltida skjer innafor andre rammer enn elles.
  • Lag ei hugseliste over alt som må takast med på turen av mat, drikke og utstyr, avhengig av kva slags måltid de skal ha.
  • Gjer mest mogleg klart før de går. Skjer til dømes opp frukt og grønsaker på førehand og legg det i tette boksar eller plastposar.
  • Matlaging på bål treng ikkje alltid bety pølser. Eit bålstativ med rist kan vere ei god investering.
  • På kalde dagar kan det vere godt med noko varmt å drikke. Kakao kan brukast av og til, og òg solbærtoddy ein sjeldan gong. Hald auge med sukkermengd og blandingsforhold. Varm suppe kan òg takast med på termos.
  • På varme dagar: Hugs å ta med rikelege mengder med vatn dersom de ikkje kan fylle opp undervegs. Vatnet held seg lenger kaldt dersom du legg dei fylte flaskene i frysaren ei tid før de går, eller fyller kaldt vatn på termosar.
  • Dersom barna treng litt påfyll undervegs, kan knekkebrød, oppskoren frukt og grønsaker og nøtter eller mandlar brukast. Det gir raskt litt ny energi.
  • Ver konkrete overfor foreldra når det gjeld turmat. Viss de til dømes skal lage grønsaksuppe, kan alle barna ta med ei grønsak kvar.

Mat og drikke på tur bør også vere sunn og god, og generelt gjeld dei same råda som for måltid i barnehagen. Det kan likevel vere nyttig å ha nokre eigne rutinar for planlegging og gjennomføring av måltid i friluft. For naturbarnehagar, friluftsbarnehagar og andre spesielt interesserte kan det vere nyttig å gå til fleire kjelder for å finne råd og tips om måltid ute.

Kjelde: Helsedirektoratet 2009

Helsedirektoratet oppdaterer sidene sine kontinuerleg.

Læringsressursar

Kost og ernæring

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter