Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Yrkessituasjonar for helsefagarbeidarenChevronRight
  4. Helsefagarbeidaren på rehabiliteringssenterChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Sigrid og Fatima legg til rette for sosiale og kulturelle aktivitetar

Som helsefagarbeidarar har Sigrid og Fatima ansvar for å leggje til rette for sosiale og kulturelle aktivitetar i samarbeid med aktivitøren på Solvollen. Dei har lært seg å tenkje heilskapleg, og at det kan vere viktig å tenkje på andre ting enn sjukdom.

Kvar veke blir det gjennomført ein aktivitet på Solvollen rehabiliteringssenter der målet er å skape trivsel og hyggje for pasientane. Kva for aktiviteter som blir tilbodne, avheng av årstid, tilbod i nærmiljøet, pasientgruppa som er der, og innspel frå enkeltpersonar.

Ta kontakt med ein institusjon i nærmiljøet, gjerne ein rehabiliteringsinstitusjon, og spør om klassen kan få gjennomføre eit arrangement der.

Kartlegg på førehand kva interesser brukarane har, og kva slag moglegheiter som finst på staden eller i området rundt.

  • Planlegg ein aktivitet som alle som vil, kan vere med på. Kanskje er det nokon som treng spesiell tilrettelegging?
  • Vurder om de skal servere mat. Kartlegg ulike behov knytte til ernæring som allergiar, kultur og religion.
  • Fordel roller og oppgåver i klassen.

Kvifor er det viktig for Sigrid og Fatima å leggje til rette for ulike aktivitetar for pasienter på rehabiliteringsopphald? Diskuter dette i klassen.

Læringsressursar

Helsefagarbeidaren på rehabiliteringssenter