Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Førstehjelp for helsefagarbeidarenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Førstehjelp med relevans for helsefagarbeidaren

Førstehjelp er den direkte og omgåande hjelpa vi kan gi til eit menneske som er skadd eller akutt sjuk. I arbeidet som helsefagarbeidar kjem du til å møte pasientar eller andre som treng førstehjelp.

Førstehjelpskurs på hjerte- og lungeredning. Foto.

Det kan til dømes vere pasientar som skader seg i fall, pasientar som set maten i halsen, og pasientar som blir akutt sjuke med til dømes hjarteproblem, pustevanskar eller ukontrollert blodsukker.

Også i privatlivet kan du få bruk for å kunne førstehjelp. Menneske skader seg eller blir akutt sjuke heile tida og overalt.

Førstehjelp kan redde liv, og alle menneske kan utføre førstehjelp. Å ikkje gjere noko i akutte situasjonar kan føre til døden for den skadde eller sjuke personen.

Rett utført førstehjelp kan redde livet til den sjuke eller den skadde. Skal vi kunne gi førstehjelp, er det viktig at vi repeterer førstehjelpskunnskapane våre med jamne mellomrom, og at vi også trenar på praktisk førstehjelp.

Dei fleste arbeidsplassar held førstehjelpskurs for sine tilsette som ein del av HMS-arbeidet.

Få overblikk over situasjonen:
Dersom vi kjem opp i ei ulykke eller i ein situasjon der ein pasient blir alvorleg sjuk, må vi først skaffe oss oversikt over situasjonen. Vi må bruke sansane: sjå, lytte, lukte og føle.

Fagstoff om den første undersøkinga når vi skal gi førstehjelp: Den første undersøkinga

Finn vi ein livlaus person, kan vi sjekke om han eller ho har SOS-kapsel eller eit anna kjenneteikn som fortel oss om personen eventuelt har diabetes eller epilepsi.

Medan vi observerer og får oversikt over situasjonen, må vi samtidig sjekke og eventuelt sørgje for at den skadde/sjuke har frie luftvegar.

Læringsressursar

Førstehjelp for helsefagarbeidaren