Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. I arbeid med menneskerChevronRight
  4. Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneskeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Problemløysande metode

Som helsefagarbeidar må du kunne kartleggje brukarane og pasientane sine funksjonsnivå og behov for hjelp. Ut frå dette skal du, i samhandling med brukaren eller pasienten, kunne lage eigne forslag til planar for den pleia som skal bli gitt.

Planlegging ved en PC. Foto.

Problemløysande metode i sjukepleie

Problemløysande metode blir også omtalt som sjukepleieprosessen, og han skildrar korleis vi kan gå fram for å sikre heilskapleg og individuell sjukepleie.

Formålet med ein slik metode eller plan er å sikre at brukaren får den hjelpa han eller ho har krav på, og at vi arbeider mot felles mål og er løysingsorienterte. I tillegg er det ei lovpålagd oppgåve å dokumentere dei tilboda brukaren får.

For at du skal kunne yte god sjukepleie, må du som helsefagarbeidar skaffe deg opplysningar om brukaren. Opplysningane gir deg oversikt over kva han eller ho treng hjelp til, og dei dannar grunnlaget for å skrive ein plan.

Nedanfor kan du sjå døme på korleis det er mogleg å bruke den problemløysande metoden i sjukepleia slik at Sofie Olsen skal få dekt behovet sitt for ernæring.

Metoden er bygd opp av fem trinn

1. Datasamling

Sofie Olsen bur på sjukeheim. Ho har alltid vore sosial. Ho er enkje, men har to døtrer med familie som bur i nærleiken. Sofie Olsen har diagnosen Alzheimers sjukdom, og ho har ein del problem i samband med dette – blant anna gløymer ho ofte å ete og drikke. Den siste tida har ho gått ned i vekt, og ho har symptom på dehydrering.

Korleis skal vi sikre at ho får dekt behovet sitt for ernæring?

Det er viktig å samle inn data for å få fram alle opplysningane som har noko å seie for den pleia Sofie skal få.

Vi samlar inn data ved:

  • å snakke med brukaren og eventuelt med pårørande
  • å gjennomføre heilskapleg observasjon av brukaren
  • å observere det fysiske miljøet til brukaren
  • å utveksle informasjon på rapportmøte
  • å lese skriftlege rapportar, pleieplanar og journalar
  • å lese faglitteratur

Du snakkar med Sofie Olsen om kva ho trur er årsaka til at ho et lite og har gått ned i vekt. Etterpå snakkar personalet saman på rapportmøtet.

2. Kartlegg ressursane og behova til brukaren

Ved å samtale med Sofie Olsen kan du få fram fleire opplysningar som kan vere relevante for situasjonen. Her i dette dømet har vi valt å avgrense det noko slik at det ikkje skal bli for omfattande.

Vi vurderer opplysningane (datasamlinga) samla og lagar oss eit bilete av kva som er problemet eller hjelpebehovet til Sofie Olsen.

Dersom vi kjenner årsaka til problemet, skal vi ta det med i formuleringa – til dømes:
«Sofie Olsen et og drikk lite fordi ho …»

Når du skal planleggje vidare, blir det viktig å arbeide ut frå eit heilskapleg menneskesyn og finne kva styrkar Sofie Olsen har som brukast til å løyse problemet – til dømes:
Kva for ressursar har ho? Kva klarer ho sjølv? Kva for ønskje har ho?

Ressursane til Sofie Olsen i denne samanhengen kan vere

  • at ho kan seie kva ho ønskjer
  • at ho har god rørsleevne i begge armane og kan ete sjølv ved tilrettelegging
Problema til Sofie Olsen kan vere
  • at ho et og drikk for lite
  • at ho går ned i vekt
3. Setje opp mål

Saman med Sofie Olsen må du no setje opp realistiske mål med utgangspunkt i kva ho ønskjer. Måla skal vere formulerte slik at dei fortel korleis Sofie Olsen skal ha det når målet er nådd.

Formålet med målet er

  • at det kan medverke til å motivere både Sofie Olsen og dei tilsette
  • at det dannar utgangspunktet for at vi kan evaluere det som blir gjort, og om målet blir nådd eller ikkje

Det kan vere nødvendig å ha både kortsiktige og langsiktige mål.

Krav til målformuleringane er at målet må:

  • ta stilling til problemet
  • skildre ein ønskt tilstand eller aktivitet
  • vere realistisk, men samtidig noko å strekkje seg etter
  • vere konkret og målbart
  • ha informasjon om tidsaspekt

Mål for Sofie Olsen kan vere at ho innan ei veke skal kunne:

  • ete sjølv med tilrettelegging
  • gå opp i vekt
  • få dekt ernæringsbehovet sitt
  • oppleve måltidet som ein positiv aktivitet
4. Planleggje og gjennomføre tiltak

Saman med Sofie Olsen må du no setje opp realistiske mål med utgangspunkt i kva ho ønskjer.

Kva vil du gjere saman med Sofie Olsen for å løyse problemet?

Tiltaka blir avgjorde ut frå ei tverrfagleg vurdering og skildrar

  • kva som skal gjerast
  • korleis det skal gjerast
  • kven som skal gjere det
  • når det skal gjerast

Det er viktig å tenkje brukarmedverknad. Sofie Olsen må seie kva ho ønskjer og meiner, før det blir teke nokon avgjerder.

Di oppgåve som helsefagarbeidar blir

  • å informere, rettleie og støtte slik at brukaren kan gjere aktivitetane sjølv
  • å gi praktisk hjelp slik at ho kan utføre delar av aktivitetane sjølv
  • å utføre aktivitetar for brukaren når ho ikkje klarer det sjølv

I samarbeid kjem Sofie Olsen og personalet fram til dei følgjande tiltaka:

  • Sofie Olsen skal sitje saman med ei mindre gruppe og ete.
  • Ein av personalet skal sitje ved det same bordet og eventuelt rettleie henne under måltidet.
  • Maten skal vere variert slik at ho får servert noko ho liker.
  • Personalet skal observere og rapportere kor mykje ho et og drikk.
  • Sofie Olsen skal vegast kvar fjortande dag.
5. Evaluering

Saman med Sofie Olsen må vi evaluere om dei tiltaka som blir utførte, gir dei ønskte resultata og fører mot måla. Om tiltaka er effektive og gir dei resultata vi ønskjer, held vi fram arbeidet som planlagt. Skulle det vise seg at resultata ikkje gjer det, må vi finne ut kvifor og evaluere heile situasjonen på nytt.

Det kan vere fleire grunnar til at vi ikkje når dei måla vi har sett.

Til dømes:

  • kan tilstanden eller situasjonen til Sofie Olsens ha forverra seg
  • kan innsamlinga av data ha vore utilstrekkeleg
  • kan vi ha fått eit feilaktig bilete av ressursane, behova og problema til brukaren
  • kan målet ha vore urealistisk
  • kan det hende at tiltaka ikkje var formålstenlege, eller at dei ikkje blei utførte slik det var tenkt

Sofie Olsen gir uttrykk for at ho trivest under måltida. Det er dokumentert at ho et betre enn før, og vekta stig. Arbeidet held fram i tråd med planen, og ny dato for evaluering blir bestemt.

Activities of Daily Living (ADL)

Den problemløysande metoden kan også brukast i andre samanhengar der vi tilbyr hjelp til ein brukar, til dømes når ein brukar treng hjelp til å utføre aktivitetar i dagleglivet – såkalla ADL.

Døme på aktivitetar i dagleglivet kan vere:

  • å kle av og på seg
  • å lage og ete mat
  • å halde orden på personlege eigedelar og personleg hygiene
  • å vere saman med andre
  • å ta ansvar for eigen økonomi
  • å planleggje og gjere innkjøp

Du kjem til å møte mange brukarar som treng hjelp til å utføre aktivitetar i dagleglivet – ADL. Då må du hjelpe dei med å finne oppgåver dei kan greie sjølve, og du må hjelpe dei med det dei ikkje greier.

Når vi skal vurdere kva for pleietenester ein person eventuelt treng, kan det vere nyttig å måle funksjonsgraden til personen. Også her kan du bruke den problemløysande metoden, men i denne samanhengen kallar vi det ein aktivitetsanalyse.

Ulike typar pleieplanar

Ein pleieplan er ein skriftleg plan for sjukepleia, og han inngår i sjukepleiedokumentasjonen, som er sjukepleiedelen i pasientjournalen. Det finst mange ulike typar pleieplanar, og det er til dømes skilnad på ein administrativ og ein pedagogisk pleieplan. Det er vanleg å bruke ulike dataprogram til å skrive pleieplanar.

Utfordringar til deg

  1. Kva er problemløysande metode, og kva er formålet med å bruke han?
  2. Kva er ein pleieplan, og kva bør han innehalde?
  3. Korleis skaffar du deg informasjon om ein brukar?
  4. Gå saman to og to. Ta utgangspunkt i dykkar eigen skulekvardag og lag eit forslag til korleis de kan bruke den problemløysande metoden i skulearbeidet.
  5. Kva er skilnaden på ein administrativ og ein pedagogisk pleieplan?
  6. Kva betyr ADL?
  7. Kva er ein aktivitetsanalyse?

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs