Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. I arbeid med menneskerChevronRight
  4. Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneskeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oppleving av smerter

Når vi menneske kjenner smerte, er dette eit av varslingssystema kroppen har for å informere oss om at noko er gale. Smerte skal derfor takast alvorleg.

Bilde av knyttet hånd. Foto.

Smerte heiter pain på engelsk. Ordet pain kjem frå det latinske ordet poena som tyder liding eller straff. Det er eit munnhell som seier at ”ein får som fortent”, og i eldre tider var det ei oppfatning at smerte var resultat av uakseptabel framferd. Først rundt år 1660 blei smertekjensla sett i samanheng med kroppsfunksjonane.

Å kunne kjenne smerte er viktig. Utan evne til å kjenne smerte vil menneske ikkje kunne oppdage sjukdom og skade. Smerta skal verne oss mot moglege farar. Når vi til dømes kjem nær den varme kokeplata med fingeren, er det smertekjensla som får oss til å trekkje handa tilbake med ein gong.

Smerte blir definert som ei plagsam, sensorisk og kjenslemessig oppleving som er knytt til trugande vevsøydelegging. Det er ingen logisk samanheng mellom storleiken på vevsskaden og intensiteten av smerte. Liten vevsskade kan gi mykje smerte. Til dømes vil ein nyrestein føre til ei stor smerte utan at han valdar stor vevsøydelegging.

Bildet viser ei nervecelle
Nerveceller har lange utløparar som leier signal frå sanseceller til sentralnervesystemet

Ikkje all smerte er eit signal om kroppsleg skade. Sorg kan til dømes gi smerte. Smerteopplevinga er sett saman av to delar:

  • Ein fysisk (sensorisk) del: Her blir det registrert kor smerta er, kor sterk ho er, og smertetypen. Smerteterskelen er knytt til den fysiske delen. Han er lik hos alle menneske.
  • Ein kjenslemessig (emosjonell) del: Her blir ubehaget registrert, og det fører med seg trong til flukt frå det som er årsak til smerta. Smertetoleransen er knytt til den kjenslemessige delen. Smertetoleransen er personavhengig.
Smertefysiologi

I kroppen finst spesielle nervar som leier inntrykk av smerte til hjernen. Når ein person slepp ein murstein på stortåa, vil nerveimpulsen frå stortåa førast gjennom den forlenga mergen i ryggmergen. Nerveimpulsen vil der påverke det autonome nervesystemet slik at blodtrykk, puls og respirasjonsfrekvens aukar. Nerveimpulsen passerer så talamus der smerteimpulsen blir skildra. Deretter blir nerveimpulsen send vidare til det sensoriske senteret i hjerneborken. Her skjer den endelege registreringa av smerta. Da først blir personen merksam på at det er smerte i stortåa.
Sentralnervesystemet dannar endorfin (naturleg morfin). Endorfin medverkar til at smerta blir mindre før ho når storhjernen.

Smerteopplevinga

Det finst ikkje noko smertesenter hos mennesket. Smerte er ingen sans, men ei oppleving.
Smerta blir uttrykt på ulike måtar. Dette gjer det vanskeleg for helsefagarbeidaren å tolke kor stor smerteoppleving pasienten har.
Smerteopplevinga og måten smerta blir uttrykt på, vil kunne bli påverka av

  • sosial og kulturell bakgrunn
  • det fysiske miljøet
  • fysiologiske tilhøve
  • kunnskap, informasjon og motivasjon
  • sinnstemning og livssituasjon
  • haldningar og reaksjonar i omgjevnaden
  • smertekvaliteten
Inndeling av smerter
TYPE SMERTE: KJENNETEGN:TYPE SMERTE: INNDELES I:
Akutt smerte Kortvarig smerte som er intens. Varsel på nyleg oppstått sjukdom. Smerte som varslingssignal (eks. hjerteinfarkt) Residiverande smerte (eks. migrene, senebetennelser)
Kronisk smerte Smerter som vedvarar ved kronisk sjukdom, eller utover vanleg tilheilingstid. Fysisk smerte (eks. ryggsmerter)
Nevrogen smerte (smerte som er oppstått pga. skade i nerve og/eller nervefibrar, til dømes amputasjonssmerter)
Psykogen smerte (smerte som har oppstått utan fysisk eller nevrogen årsak. Psykologiske og psykiatriske faktorar er årsak til smertene.)
Kronisk smerte-syndrom Smerte som kan ha starta med kjent fysisk eller nevrogen årsak. Anamnese, medisinske eller fysiologiske undersøkingar gir ikkje forklaring på smerteskildringa til pasienten og graden av invaliditet. Smertene er årsak til aukande fysisk og psykososial invaliditet. Dette gjeld også somatoforme lidingar (http://www.snl.no/somatoforme_lidelser).
Smerte – ei subjektiv oppleving

Smerte er kva som helst som pasienten seier at det er, og oppstår når pasienten seier at ho gjer det. Berre den som opplever smerta, kan seie korleis ho kjennest, kor intens ho er, og kor lenge ho varar. Men skildringa av smerta blir likevel ofte ufullstendig fordi smerteopplevinga rommar meir enn det som kan seiast med ord. Sjølv om pasienten freistar formidle det han kjenner rundt smerta, er han aleine med kjensla. Derfor er det ei djup einsemd i smerteopplevinga. Dersom den beskrivinga pasienten gir av smerta ikkje oppfattast som påliteleg av helsepersonell, blir kjensla av einsemd, hjelpeløyse og av å vere overlate til seg sjølv, styrkt.

Kartlegging av smerte

Når ein pasient gir uttrykk for smerte, må smerta kartleggjast. Helsefagarbeidaren kan nytte desse spørsmåla i kartlegginga:

  • Kor sit smerta?
  • Strålar smerta ut nokon stad?
  • Korleis kjennest smerta ut? (verkande, brennande, stikkande, jagande, murrande, krampeliknande, kriblande)
  • Er smerta konstant eller kjem ho takvis?
  • Sit smerta på same stad eller flytta ho på seg?
  • Kor sterk er smerta på ein skala frå ein til ti? (Ytterpunkta er null (inga smerte) og ti (maksimal smerte).)
  • Blir smerta utløyst av noko særskilt? (mat, rørsler, stress, trening)
  • Er det nokon effekt av smertelindrande tiltak?
Observasjon av smerte
  • Kroppshaldning og rørsle: Pasientar med smertar er gjerne forsiktige når dei rører på seg, dei trekk opp akslene og har eit redusert aktivitetsnivå. Ofte held pasienten seg på den staden som gjer vondt.
  • Auge og ansiktsutrykk: Smerte kan gjere pasienten dregen i ansiktet, og han kan sjå sliten ut. Auga er gjerne matte.
  • Huda: Ho kan bli bleik og klam.
  • Respirasjon: Ved smerte vil respirasjonsfrekvensen kunne auke.
  • Puls og blodtrykk: Disse verdiane aukar ved smerter.
  • Følgjetilstander som kvalme/brekningar, nedsett allmenntilstand, angst, depresjon, asosial åtferd, irritabilitet, svevnproblem, uro og rastløyse.
Smertelindring
  • Medikament: Smertestillande medikament (analgetika) fjernar symptom, men lækjer ikkje. Det finst mange ulike typar smertelindrande medikament. Opioidar (morfin og morfinliknande stoff) blir brukte ved sterke smerter. Svakare medikament er paracetamol og ibuprofen. Smertestillande medikament kan gjevast både IV, IM, per os, rektalt og som plaster. Pasientar med sterke smerter kan få smertelindring gjennom epiduralkateter eller smertepumpe. Helsefagarbeidaren skal observere verknad og eventuelle biverknader av medisinar.
  • Is: Behandling med ispakningar kan lindre smerte mellom anna fordi det dempar betennelsessymptom og reduserer opphovningar.
  • Varme: Ved smerter er det mange som har nytte av varmetilførsel via til dømes varmeflaske. Varme skal ikkje nyttast ved betennelsestilstandar fordi dette vil kunne gjere betennelsesreaksjonenen verre.
  • Halde smertestaden i ro: Dersom akutt smerte blir verre ved rørsle, kan det vere smertelindrande å halde smertestaden i ro ved til dømes å stabilisere.
  • Heve smertestaden: Dersom smerta er i bein eller armar, kan det vere tenleg å heve smertestaden over hjartehøgd. Da vil opphovninga bli redusert, og smerta minkar.
  • TNS: Ulike nervebanar i kroppen blir stimulerte ved å plassere to eller fleire overflateelektrodar på visse stader på kroppen for å oppnå smertelindring.
  • Aktivitet: Når pasienten er i aktivitet, blir det utskilt endorfinar – det naturlege smertestillande middelet i kroppen sjølv.
  • Massasje: Trykk og berøring kan minske smerter.

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs