Hopp til innhald

AssessmentResourceVurderingsressurs

Vurderingsressurs

Dokumentasjon

Dokumentasjon er ein viktig del av jobben til ein helsefagarbeidar. Dokumentasjon er ein arbeidsreiskap for å planleggje, gjennomføre og evaluere tiltak. Dette gir eit sjukepleiefagleg bilete av det som skjer med pasienten.

Jente som holder en ringperm

For å sikre kvaliteten og kontinuiteten i pleia og behandlinga av pasientar krevst det at helsepersonellet dokumenterer kva dei gjer. Dokumentasjonen skal sikre at pasienten får den helsehjelpa han treng.

Dokumentasjon omfattar blant anna føring av rapportar, kurver og pleieplanar.

Sitat Legg planar for året om våren og for dagen tidleg om morgonen Kinesisk ordspråk

Tenk over

  1. Lag deg eit tankekart over kva du knyter til omgrepet dokumentasjon. Bruk erfaringane dine frå yrkesfagleg fordjuping på Vg1.
  2. Kva for kompetansemål i læreplanen din er det som seier at du skal lære noko om dokumentasjon?

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske