Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. I arbeid med menneskerChevronRight
  4. Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneskeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rapport

Rapport er ei handling. Å rapportere vil her seie å formidle nødvendig informasjon om ein brukar til kollegaer for å sikre at brukaren får best mogleg omsorg og pleie.

Møte mellom helsefagarbeidere. Foto.

Ulike typar rapportar blir nytta i helse- og omsorgssektoren. Vi kan skilje mellom

  • munnleg rapport
  • skriftleg rapport
  • stille rapport
Munnleg rapport



Munnleg rapport blir brukt

  • ved vaktskifte
  • i gruppe- og rapportmøte for pleie- og behandlingspersonalet
  • ved spesielle observasjonar som du umiddelbart vil rapportere om

Hugs at alle opplysningane i ein munnleg rapport skal dokumenterast skriftleg!

Nokre eksempel på kva som kan rapporterast er


  • korleis brukaren har sove i natt
  • om brukaren har vore oppe i dag utan å få smerter
  • om brukaren har hatt besøk i dag
  • om spesielle ønskje i forhold til kosthald
  • om brukaren for eksempel har smerter i brystet
Skriftleg rapport


Helsepersonell har ei lovfesta plikt til å dokumentere det tilbodet dei gir kvar enkelt brukar.

Det tyder at du som helsefagarbeidar alltid må skrive ned viktige opplysningar som har noko å seie for den vidare pleia og omsorga brukaren skal ha.

Eksempel:

Til frukost åt Anna ei brødskive. Ho seier ho er kvalm.

Når du rapporterer skriftleg, tek du vare på observasjonar og opplysningar som gjeld brukaren. Denne dokumentasjonen gir oss grunnlag for å vurdere om dei tiltaka som blir sette i verk, fungerer eller ikkje.



Rapport skal bli utført skriftleg

  • før vakta er slutt
  • ved inn- og utskriving av brukaren
  • ved dødsfall
  • ved overflytting mellom avdelingar og institusjonar dersom brukaren nyttar fleire tilbod
  • rett etter spesielle observasjonar, som for eksempel feber, smerter og unormalt blodtrykk

Ein rapport skal vere

  • kortfatta
  • objektiv
  • respektfull

Det finst mange system for å ivareta den skriftlege dokumentasjonen, og det er viktig at du set deg inn i kva som blir praktisert på arbeidsplassen din.

Det mest vanlege er å bruke spesielle dataprogram der du må logge deg på med eigen brukaridentitet. Underskrift, dato og klokkeslett vil då kome automatisk.

Stille rapport

Stille rapport er ein skriftleg rapport som blir lest av kvar enkelt for å skaffe seg informasjon om brukaren.

Ein føresetnad for at stille rapport skal fungere, er at det som er skrive, må ivareta behovet for informasjon.

Stille rapport


Ein stille rapport er ein skriftleg rapport om pasientane, lest uforstyrra i vaktskiftet av dei som kjem på neste vakt.



Munnleg rapport i tradisjonell forstand blir då overflødig, og berre praktiske opplysningar, arrangement og liknande blir nødvendig munnleg supplement.





Utfordringar til deg

Munnleg rapport

Som helsefagarbeidar må du ofte vere den som rapporterer til andre i teamet om korleis brukaren har det. Tenk deg at du var på kveldsvakt i går og skal gi rapport vidare til dagvaktene.

  1. Diskuter kva formålet med rapporten er. Det er viktig at personalet ikkje bruker for lang tid på rapportmøtet. Derfor må du vere medviten om kva rapporten bør innehalde, og korleis du formidlar han.
  2. Diskuter kva som kjenneteiknar ein god, munnleg rapport.
  3. Arbeid saman tre eller fire elevar. Ein elev har rolla som observatør. Lag eit rollespel. Tema kan vere personleg hygiene eller måltid. Ut frå rollespelet skal du gi ein munnleg rapport.



Skriftleg rapport

  1. Kva er ein skrifteg rapport?
  2. Kva er formålet med skriftleg rapport?
  3. Kva skal ein skriftleg rapport gi opplysningar om?
  4. Når skal vi skrive skriftleg rapport?
  5. Kva meiner vi med at rapporten skal vere objektiv?



Stille rapport

  1. Diskuter fordelar og ulemper med stille rapport.
  2. Oppsøk ein sjukeheim som bruker stille rapport som ein del av rapportsystemet sitt. Kva for erfaringar har dei ved bruken av dette?

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs