SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ulike pleieplaner

Det er forskjell på ein administrativ og ein pedagogisk pleieplan. Under opplæringa bruker du ofte ein pedagogisk pleieplan der du grunngir dei tiltaka du føreslår. Når du grunngir, får du øving i å bruke fagstoff som er relevant for planen.

Ein administrativ pleieplan blir brukt til å administrere pleia til ein bestemt brukar. Han har ofte rubrikkar der ein kan setje inn relevant informasjon. Her ser du eksempel på dette.

Dato Problem/behov Ressursar Mål Tiltak Rapport og evaluering

Under opplæringa må du øve deg i å skrive pleieplanar. Du kan ta utgangspunkt i ein bruker du møter i yrkesfagleg fordjuping (då må du anonymisere – hugs teieplikta), eller du kan ta utgangspunkt i ei skildring av ein situasjon, eit såkalla kasus.

Sidan det ikkje går an å evaluere prosessen i ein tenkt plan, vil ein pedagogisk pleieplan innehalde ein rubrikk som erstattar dette. Du skal grunngi dei tiltaka du føreslår, utifrå fagleg kunnskap som du tileignar deg i løpet av opplæringa. Nedanfor ser du eksempel på dette.

Dato Problem/behov Ressursar Mål Grunngiving for tiltak

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs