Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. I arbeid med menneskerChevronRight
  4. Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneskeChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske

Som helsefagarbeidar skal du dokumentere og rapportere frå vakta di. Dette finst det ulike verktøy og metodar for. Arbeidsmetodar som blir brukte på staden der du jobbar, må du som helsefagarbeidar setje deg godt inn i, slik at arbeidet du gjer blir av god kvalitet.

Person som skriver på laptop. Foto.

Det finst mange ulike rapportsystem, og dei blir brukte forskjellig. På arbeidsplassen vil du få riktig opplæring i systemet du skal bruke.

Dokumentasjon er ei lovpålagt plikt i arbeid med menneske som tar mot helsetenester. Det gjeld også andre sektorar som til dømes oppvekstsektoren.

Problemløysande metode blir også omtalt som sjukepleieprosessen. Sjukepleieprosessen handlar om korleis vi kan gå fram for å sikre heilskapleg og individuell sjukepleie. Føremålet med ein slik metode er å sikre at brukaren får den hjelpa han har behov for og har fått tildelt gjennom vedtak. Derfor er det så viktig med gode observasjonar av ein brukar og samarbeid med pårørande for å finne det beste tilbodet. Nokre gonger kan brukaren oppleve at han ikkje får det tilbodet han treng, i andre tilfelle er brukaren veldig nøgd. Det er veldig individuelt korleis ein opplever å ta mot helsefaglege tenester. Derfor er det så viktig med god kommunikasjon og evna til å lytte til brukarane og pasientane. Kanskje det skal lite til for at du gjer kvardagen litt enklare og betre for dei du yter helsehjelp til.

Det er viktig at du som helsefagarbeidar samarbeider og jobbar mot felles mål og er løysingsorientert. Du vil få oppgåver som krev at du oppdaterer deg på fagkunnskap, og du vil få ansvar som krev at du viser at du er profesjonell, ærleg og eigna.

Læringsressursar

Dokumentasjon og arbeidsmetodar i arbeid med menneske