Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. I arbeid med menneskerChevronRight
  4. Miljøarbeid for helsefagarbeidarenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Livsstilssjukdomar

Livsstilssjukdomar kan enkelt definerast som einkvar sjukdom som har samanheng med korleis ein person lever. Desse sjukdomane skuldast dels at menneske lever klart lengre i våre dagar, og dels måten vi lever på, livsstilen vår.

Eldre ektepar går tur i parken

Kjenneteikn for livsstilssjukdomar

Dette er sjukdomar som treng lang tid for å utvikle seg, og når sjukdomen har etablert seg, er det vanskeleg å lækje den. Samstundes er dette sjukdomar som vi i høg grad kan førebygge eller forsinke ved å endre livsstil.

Korleis kan vi førebygge livsstilssjukdomar?

Dei viktigaste tiltaka er sjølvsagte. Vi må ete mindre og sunnare mat, vi må bli meir fysisk aktive, slutte å røykje, og ha eit moderat alkoholforbruk. Vi må også redusere forureininga og betre miljøforholda i samfunnet, på arbeidsplassane og i heimen.

Ideelt sett bør kosten bestå av 65 % karbohydrat, 15 % protein og 20 % feitt. Dei siste 50 åra har vi derimot endra matvanane våre slik at vi i dag stort sett et raffinert mat, hurtigsteikt mat med metta feitt, mat med høgt sukkerinnhald og mindre frukt og grønsaker. Dette har ført til at eit typisk kosthald i dag består av ca. 30 % karbohydrat, 10-12 % protein, 40 % feitt og 20 % sukker.

Forsking viser at dersom ein et mykje frukt, bær og grønsaker, samt grove kornprodukt og fisk, kan dette førebyggje ei rekke sjukdomar som type 2 diabetes, hjarte- og karsjukdomar, kreft og osteoporose.

Auka fysisk aktivitet er kan hende det aller viktigaste tiltaket mot livsstilssjukdomar. Den moderne sivilisasjonen har ført til at menneske i dag bruker kroppen vesentleg mykje mindre enn før. Vi har blitt passiviserte og inaktive. Regelmessig mosjon og bruk av kroppen i 30-60 minutt kvar dag styrkjer kroppen og bruker kaloriar. På den måten reduserer ein risikoen for overvekt, diabetes, hjartekarsjukdomar, og beinskjørlei

Framtidsutsiktene

Vi kjenner årsakene til livsstilssjukdomane, og vi blir stadig minna på kva vi kan gjere for å betre leveutsiktene våre. Likevel held utviklinga fram i feil retning. Dette er ei utfordring for kvar enkelt av oss, men det er også ei samfunnsoppgåve der sentrale myndigheiter må setje i verk tiltak som stimulerer til eit sunnare liv.

Læringsressursar

Miljøarbeid for helsefagarbeidaren

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Trivselstiltak ved sjukeheimen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Råd om vektreduksjon

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Det er ikkje noko kjernestoff tilgjengeleg for oppgaver og aktiviteter.