Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. I arbeid med menneskerChevronRight
  4. Brukarmedverknad og livskvalitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Omsorg ved nedsett funksjonsevne

Kva vil det seie å vere eit medmenneske? Eit av dei grunnleggjande behova menneska har, er behovet for sosial kontakt.

Kjærestepar klemmer hverandre. Foto.

Vi treng å bli sedde av andre. Som medmenneske skal vi gjere vårt for at andre skal ha det så bra som mogleg i den situasjonen dei er i.

Barn og unge med nedsett funksjonsevne treng den same omsorga som andre jamaldrande samtidig som dei kan trenge litt ekstra hjelp og støtte. Kva som trengst, er individuelt, og behovet kan endre seg frå ein situasjon til ein annan. Kvar behov dei har, vil òg endre seg i takt med utviklinga til barnet.

Det er viktig at barn og unge med nedsett funksjonsevne blir handterte på same måte som andre på sin eigen alder og samtidig får dekt sine spesielle omsorgsbehov. Menneske med nedsett funksjonsevne opplever av og til at dei får for lite hjelp og omsorg, men dei kan òg oppleve at omsorga blir for overveldande, at dei som er sette til å hjelpe, gjer ting som dei burde fått trene seg opp til å meistre på eiga hand.

Korleis opplever du å ta imot omsorg frå andre menneske? Er det forskjell på kven som gir omsorgen?

Å hjelpe ungdommar med nedsett funkjonsevne

Nokre barn og ungdommar med nedsett funksjonsevne vil ha behov for hjelp til personleg hygiene. Kor mykje hjelp dei treng, varierer frå person til person. Nokre opplever det vanskeleg å skulle hjelpe folk på eins eigen alder med personleg hygiene. God kommunikasjon med du ein skal hjelpe, og trening, gjer at dei fleste meistrar dette på ein profesjonell måte. Det er viktig å vise respekt og late den enkelte avgjere kva han eller ho treng hjelp til.

Du jobbar heime hos Isak, som har cerebral parese og må ha hjelp til det meste. Du skal for første gong bade han. Lag eit rollespel der de prøver ut korleis du kan prate med Isak før stellet. Diskuter etterpå korleis de ville kjent dykk i denne situasjonen både som barne- og ungdomsarbeidar og som Isak.

Utfordringer til deg

Oppgåver til «Omsorg ved nedsett funksjonsevne»
  1. Kva er livskvalitet?
  2. Kva er omsorg?
  3. Kva er brukarmedverknad?
  4. Kva er forskjellen på korleis dei ulike personane i filmen (HIL Livskvalitet) forklarer omgrepet livskvalitet?
  5. Korleis vil du forklare det å vere medmenneske?
  6. Kvifor må du vere ekstra merksam på omsorga du gir barn og unge med nedsett funksjonsevne?
  7. Korleis ville du oppleve å få hjelp til personleg hygiene?
  8. Kva er grøn omsorg?

Læringsressursar

Brukarmedverknad og livskvalitet

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Fløytekaramellar og bølgjeskvulp. Om livskvalitet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rødt, hvitt og skrått

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter