Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. I arbeid med menneskerChevronRight
SubjectEmne

EMNE

I arbeid med mennesker

Alle som jobbar med menneske i helse- og sosialsektoren, har eit ansvar for å jobbe målretta, førebyggjande og setje i gang tiltak for å fremje god livsstil.

Helsefagarbeider på jobb. Foto.

Profesjonelle helsefagarbeidarar må ha kunnskapar om ulike tema som inngår i det å arbeide med menneske. Dei må kunne kommunisere med ulike brukarar med ulike føresetnader og kunne handtere fleire situasjonar gjennom ein arbeidsdag.

For å fremje ein god livsstil må helsefagarbeidaren kjenne til ein del aktivitetar som kan bidra til at ein brukar får ein god kvardag og opplever meistring. Brukarmedverknad er viktig samtidig som du også skal tenkje på førebyggjande tiltak. Det er viktig at alle yrkesgrupper førebyggjer hendingar og ulykker som fall, brann og feilmedisinering.

Å førebyggje psykiske og fysiske problem er også ein viktig del av arbeidet til ein helsefagarbeidar.

Emner

I arbeid med mennesker

  • Brukarar har rett til å medverke, og brukarmedverknad har ein eigenverdi, ein terapeutisk verdi og er eit verkemiddel for å kvalitetssikre tenestene.

  • Heimeulykker

    Heimeulykker er ulykker som skjer i eller like ved heimen. Med «heim» meiner vi her i første rekkje privatbustader og omsorgsbustader, men også sjukeheimar, aldersheimar og andre pleieinstitusjonar.

  • Universell utforming er å utforme samfunnet slik at så mange som mogleg kan delta på dei fleste aktivitetar uavhengig av funksjonsevne.