Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Helse og sjukdomChevronRight
  4. HormonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Nokre fakta om diabetes

Totalt har om lag 170 000 nordmenn diabetes. Av disse har om lag 25 000 type 1-diabetes.

Type 1-diabetes

Rammar oftast barn, ungdom eller unge vaksne.

Type 2-diabetes

Rammar helst personar over 40 år og dei som er overvektige, men også yngre personar kan få denne typen. Førekomsten av type 2-diabetes aukar sterkt både her i Noreg og i resten av verda. Årsaka til det er aukande vekt og tendensen til fedme i befolkninga. På verdsbasis kan vi anslå at om lag 246 millionar menneske har diabetes, og prognosen tyder på at dette talet kjem til å vere dobla innan 2025.

Svangerskapsdiabetes og sekundær diabetes

Svangerskapsdiabetes oppstår under svangerskapet og forsvinn vanlegvis når barnet er fødd. Sekundær diabetes kjem av ein annan sjukdom, som til dømes betennelse i bukspyttkjertelen (pankreatitt), eller av visse medisinske behandlingar.

Symptoma er avhengig av kva type diabetes pasienten blir ramma av.

Kilde: Diabetesforbundet

Læringsressursar

Hormon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormon

  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormon og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bedre puls - Stress gir diabetes

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Insulin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter