Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Helse og sjukdomChevronRight
  4. HormonChevronRight
  5. Diabetes type 1 og 2ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Diabetes type 1 og 2

Det er to hovudtypar av diabetes mellitus: type 1-diabetes og type 2-diabetes. Felles for begge typane er at sukkerinnhaldet i blodet er høgare enn normalt. Type 1-diabetes krev at ein tilfører kroppen insulin, medan type 2-diabetes vanlegvis kan regulerast utan insulin.

Blodsukkerapparat, sunn mat, trening. Diabetes. Foto.

Hormonet insulin blir produsert i bukspyttkjertelen, nærare bestemt i dei langerhanske øyane. Insulin er med på å regulere kor mykje glukose vi har i blodet vårt. Som helsefagarbeidar er det viktig at du kan observere og førebyggje komplikasjonar hos pasientar med diabetes.

Det kan vere akutte komplikasjonar som er teikn på at blodsukkeret er for høgt eller lågt, eller det kan vere seinkomplikasjonar som oppstår etter fleire år med sjukdommen.

Før du les vidare, kan du sjå animasjonen om Diabetes.

Type 1-diabetes

Type 1-diabetes rammar oftast barn, ungdom eller unge vaksne. Insulinproduksjonen har slutta heilt eller er sterkt nedsett. Symptoma kan kome brått på nokre dagar, og dei kan vere dramatiske.

Symptom

  • Blodsukkerverdien i blodet blir høg fordi sukkeret ikkje blir transportert inn i cellene, men blir lagra i blodbanen.
  • Når sukkermengda i blodet når eit visst nivå, begynner nyrene å skilje ut sukker, og pasienten får sukker i urinen.
  • Pasienten opplever sterk tørst fordi sukkeret i blodet bind til seg vatn, og vatn blir transportert ut av kroppen med sukkeret.
  • Pasienten får trong til hyppig vasslating sidan han eller ho drikk mykje for å kompensere for auka urinmengd, og fordi sukkeret trekkjer med seg vatn ut av kroppen gjennom urinen.
  • Fordi urinen inneheld sukker og blir «søt», gir han gode veksevilkår for bakteriar. Pasienten kan difor få urinvegsinfeksjon (cystitt).
  • Eit «søtt» miljø i underlivet kan føre til soppinfeksjon.
  • Pasienten går ned i vekt. Når sukkeret ikkje kjem inn i cellene, får dei ikkje dekt behovet sitt for energi, og dei må hente energi frå lagra i feittvevet. Forbrenninga av fett vil difor auke.
  • Pasienten blir kvalm, kastar opp og får magesmerter fordi han eller ho er «forgifta» av sukker.
  • Lite energi og kjensle av trøyttleik er symptom som oppstår fordi det sukkeret kroppen skulle bruke til å lage energi av, forsvinn ut av kroppen med urinen.
  • Når kroppen omset feitt for å dekkje behovet for energi i kroppen, blir det danna ketosyrer. Alvorleg insulinmangel påverkar også måten feittet blir omsett på, slik at mengda av ketosyrer aukar kraftig. Kroppen prøver å kvitte seg med desse syrene gjennom lungene og nyrene. Pasienten pustar då djupare og hurtigare. Tilstanden blir kalla Kussmauls respirasjon. Frå pusten og urinen luktar det aceton. Urinen inneheld også ketosyrer. Tilstanden kan utan behandling utvikle seg til ei livstruande syreforgifting.

Type 2-diabetes

Dei fleste diabetikarar har type 2-diabetes. Sjukdommen rammar helst personar over 40 år.

Symtom

Symptoma er dei same som ved type 1-diabetes, men dei er ikkje så tydelege. Dei har ofte ei gradvis og snikande utvikling fordi pasienten har ein viss insulinproduksjon, og effekten av insulinet eller mengda av insulinet blir redusert gradvis.

Mange har type 2-diabetes utan å vite om det. Ofte blir sjukdommen oppdaga ved ein rutinesjekk hos legen, eller fordi pasienten oppsøkjer lege på grunn av seinkomplikasjonar som til dømes sår som ikkje gror, urinvegsinfeksjon eller at han eller ho føler seg sliten og uopplagd. Type 2-diabetes er ein livsstilssjukdom.

Begrep

  • Glukose:
    druesukker som verkar som drivstoff i kroppen.
  • Blodsukkernivå:
    mengda av glukose vi har i blodet. Normalt blodsukkernivå hos friske personar ligg mellom 4 og 7 mmol/l.
  • Hyperglykemi = høgt blodsukker
    Blodsukkernivå på over 7 mmol/l etter faste, eller over 10 mmol/l etter eit måltid, blir rekna som hyperglykemi.
  • Hypoglykemi = lågt blodsukker
    Blodsukkernivå lågare enn 4 mmol/l blir rekna som hypoglykemi.
  • Ketoacidose:
    syreforgifting som kjem av ei opphoping av keton (ketosyrer) på grunn av alvorleg insulinmangel.
  • Føling:
    ein tilstand som oppstår ved for lågt blodsukker – hypoglykemi.

Komplikasjonar

Akutte komplikasjonar kan vere:

  • Høgt blodsukker, hyperglykemi: Dette kan kome av at pasienten har gløymt å ta insulin eller tablettar, ikkje har sett inn nok insulin i forhold til matinntaket, eller det kan kome av at insulinbehovet er blitt større enn vanleg på grunn av sjukdom, feber, skade eller stress. Diabetes og høgt blodsukker

Seinkomplikasjonar

Diabetikarar som har hatt sjukdommen i mange år, kan utvikle såkalla seinkomplikasjonar. Seinkomplikasjonane rammar særleg hjarte- og karsystemet, auga, nyrene og nervane.


Fakta frå Diabetesforbundet om ulike typar komplikasjonar.

Årsaker

Årsaker til diabetes mellitus er anten mangel på hormonet insulin, at insulinet ikkje har god nok verknad, eller ein kombinasjon av dei to faktorane.

Type 1-diabetes kjem av mangel på insulin, og er ein såkalla autoimmun sjukdom. Det vil seie at immunsystemet går til angrep på og øydelegg dei cellene i bukspyttkjertelen (pankreas) som produserer hormonet insulin.

Oppgåva til insulinet er å transportere sukker (glukose) inn i levra og inn i muskel- og feittceller for lagring. På denne måten regulerer insulinet blodsukkeret. Når dei insulinproduserande cellene blir øydelagde, tek sukkertransporten inn i cellene slutt, og sukkeret hopar seg opp i blodbanen. Då stig blodsukkeret. Normalt blodsukker skal liggje på mellom 5–7 mmol/l. Type 1-diabetes har ein viss arveleg tendens.

Type 2-diabetes kjem av at insulinet verkar dårleg, eller at bukspyttkjertelen har redusert evne til å produsere insulin.

Type 2-diabetes er ein såkalla livsstilssjukdom. Ein livsstil med lite mosjon og dårleg kosthald aukar risikoen for å utvikle diabetes type 2. Overvekt er med på å gjere kroppens mindre mottakeleg for insulin, slik at insulinet verkar dårlegare og blodsukkernivået stig. I somme familiar er det ei viss opphoping av type 2-diabetes. Høgt blodtrykk og behandling med medikament som kortison, diuretika (vassdrivande) og betablokkarar (hjartemedisin) kan auke risikoen for å utvikle diabetes type 2.

Behandling

Sjukdommen kan ikkje lækjast, men ved korrekt behandling er det mogleg å minimalisere symptom og skadeverknader.

Type 1-diabetes blir behandla ved at vi tilfører kroppen insulin subkutant (under huda). Stoffet insulin blir brote ned i mage og tarm, og difor må vi gi insulin som injeksjon. Det er fleire måtar å setje insulin på, og den vanlegaste i dag er å bruke insulinpenn eller insulinpumpe.

Med insulinbehandlinga kan pasienten leve eit tilnærma normalt liv. For å kontrollere at kroppen får riktig dose insulin må pasienten jamleg kontrollere blodsukkeret.

Type 2- diabetes kan behandlast med tablettar som aukar insulinproduksjonen, eller som aukar effekten av det insulinet kroppen produserer. Mange pasientar med type 2-diabetes blir også behandla med insulininjeksjonar.

Den aller viktigaste metoden for å behandle type 2-diabetes er å forandre livsstil. Riktig kosthald og nok mosjon er god nok behandling for mange pasientar. Når vi reduserer vekta, blir det enklare å behandle blodsukkeret, sidan feittvevet bruker store mengder insulin. Mosjon er også med på å redusere blodsukkernivået og feittvevet kraftig.

God informasjon til pasienten er ein føresetnad for å lykkast med diabetesbehandlinga.

Oppgåver til diabetes

  1. Teikn og forklar kvar du finn bukspyttkjertelen.
  2. Hormona insulin og glukagon blir produserte i dei langerhanske øyane i bukspyttkjertelen. Forklar korleis desse hormona verkar i kroppen. Bukspyttkjertelen
  3. Sjå animasjonen Diabetes og forklar kva som skjer i kroppen når ein har denne sjukdommen.
  4. Kva kan vere årsaker til diabetes?
  5. Gjer greie for symptoma ved type 1-diabetes.
  6. Som helsefagarbeidar skal du observere og rapportere symptom som kan tyde på at ein pasient har uoppdaga diabetes. Forklar kva symptom du bør rapportere.
  7. Forklar kva hyperglykemi er.
  8. Forklar kva hypoglykemi er.
  9. Kva betyr føling?
  10. Forklar korleis mat, insulin og aktivitet verkar inn på blodsukkernivået i kroppen.
  11. Forklar korleis vi kan behandle type 1-diabetes og type 2-diabetes.
  12. Forklar korleis alkohol kan verke på ein person som har diabetes.
  13. Les om kosthald og diabetes på sida til Diabetesforbundet Diabetesforbundet. Kva kostråd vil du gi til ein pasient med diabetes?

Fleire utfordringar: oppgåver til lydfila «Å leve eit aktivt liv med diabetes»

Læringsressursar

Hormon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormon

  • SubjectMaterialFagstoff

    Nokre fakta om diabetes

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormon og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bedre puls - Stress gir diabetes

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Insulin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter