Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Helse og sjukdomChevronRight
  4. HormonChevronRight
  5. Line skal lære meir om insulinbehandlingChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Line skal lære meir om insulinbehandling

Oppgåver: Helsefagarbeidar Line manglar kompetanse i å administrere medikament. Sabina har fått beskjed av legen om at ho må begynne med insulin. Line må lære meir om insulinbehandling og ho må ha gjennomføre eit medikamentkurs for å få delegering slik at ho kan hjelpe til med å setje insulin.

Oppgåvene kan gjerast individuelt eller i grupper.

  • Insulin er eit hormon. Finn ut kvar i kroppen dette vanlegvis blir produsert, og forklar kva funksjon organet har.
Pasientar med type 1-diabetes og enkelte pasientar med type 2-diabetes må få tilførsel av insulin. Finn ut og gjer greie for
  • kva insulin er
  • kva typar insulin som finst, og korleis dei verkar
  • eventuelle biverknader

Line synest det ser enkelt ut å setje insulinsprøyter, men ho veit at det kan få konsekvensar dersom ho gjer dette utan tilstrekkeleg kompetanse.

  • Gjer greie for kva du finn om fagleg forsvarleg arbeid i Forsvarlighetskravet i helsepersonelloven. Bruk døme som viser at du forstår uttrykket «fagleg forsvarleg arbeid».
  • Når ein helsefagarbeidar administrerer medisin, er dette ei delegert oppgåve. Kva er meint med det?
  • Diskuter svara i klassen og lag ein felles prosedyre med tittelen «Prosedyre for handtering av medikament for helsefagarbeidarar».

For å kunne løyse oppgåvene finn du fleire relevante lenkjer i lenkjesamlinga.

Læringsressursar

Hormon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter