Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Helse og sjukdomChevronRight
  4. HormonChevronRight
  5. InsulinChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Insulin

Insulin er "nøkkelen" som slepp sukker, glukose, frå blodet og inn i cellene. Insulin påverkar cellemembranen slik at glukosen kan passere. Når insulin manglar, er cellemembranen stengd for glukose.

Alle cellene i heile kroppen må ha jamn tilgang på glukose for å gjere jobben sin. Når blodet passerer gjennom tarmtottane i tynntarmen, hentar det glukose frå den nedbrotne maten som er i tarmen. Dette kan du lese meir om under fordøyinga. Blodet strøymer vidare ut til alle celler og vev, og cellene kan ta opp så mye glukose som dei treng. Men for at dei skal greie det, må det vere insulin til stades.


Når vi et, vert bukspyttkjertelen stimulert til å produsere insulin. Det betyr at kroppen sjølv sørgjer for at to prosessar er samkjørde:

  • Når vi et, aukar mengda glukose i blodet.
  • Når vi et, startar bukspyttkjertelen å produsere insulin slik at glukosen ikkje vert verande i blodet, men kjem seg vidare inn i cellene.

Hjernecellene er særleg følsame for glukosemangel. Nokre gonger, når det er lenge sidan du har ete, seier hjernen ifrå. Du blir slapp og trøtt. Når du da et mat igjen, aukar blodsukkernivået, og du føler deg betre.

Diabetes

Sjukdommen diabetes oppstår når insulinproduksjonen ikkje fungerer som han skal. Han kan stoppe heilt opp eller vere for liten i forhold til mengda sukker i blodet. Det kan og hende at det insulinet som vert produsert, verkar for dårleg.

Vi snakkar om to typar diabetes:

Type 1-diabetes
  • oppstår ofte i ung alder
  • kan og oppstå seinare i livet
  • krev tilførsel av insulin med sprøyte
Type 2-diabetes
  • oppstår gjerne seinare i livet
  • kan regulerast ved hjelp av kontrollert kosthald og fysisk aktivitet
  • kan og behandlast med tablettar eller sprøyter

Diabetes coma og føling

Når bukspyttkjertelen sluttar å produsere insulin, stig blodsukkernivået fordi glukosen ikkje blir transportert inn i cellene. Samtidig "svelt" cellene, dei får ikkje nok næring. For å bøte på dette må diabetikarar tilføre kroppen insulin. Insulinet må tilførast når det er behov for det, og insulinmengda må vere tilpassa mengda mat ein et. Om det blir feil i forholdet mellom glukose og insulin i blodet, kan desse tilstandane utvikle seg:

Insulinføling

Diabetisk koma

Svært lågt blodsukkernivå Svært høgt blodsukkernivå

Oppstår ved for mykje insulin eller for kraftig verknad av insulin. Insulinføling kjem gjerne etter for lågt matinntak eller etter stor fysisk aktivitet.

Lågt matinntak eller stor fysisk aktivitet fører til at blodsukkernivået vert lågt, og dette verkar inn på hjernen.

Tilstanden inntreffer plutseleg.

Oppstår ved for lite insulin. Denne tilstanden inntreffer ved ubehandla diabetes eller ved dårleg regulert diabetes.

Både ubehandla diabetes og dårleg regulert diabetes fører til at blodsukkernivået stig. Cellene får likevel ikkje energi nok.

Tilstanden utviklar seg langsamt.

Personen er gjerne
  • svolten
  • ikkje tørst
  • kastar som regel ikkje opp
Personen er gjerne
  • ikkje svolten
  • tørst
  • kastar ofte opp
Personen har gjerne
  • hovudpine
  • skjelvingar
  • nervøsitet
  • kaldsvett hud
  • normale slimhinner
  • normal anding
  • normal puls
Personen har gjerne
  • magesmerter
  • forstopping
  • tørr hud
  • tørre slimhinner
  • djup og intens anding
  • svak puls
Personen har som regel ikkje
  • magesmerter
  • forstopping
Personen har som regel ikkje
  • hovudpine
  • skjelvingar
  • nervøsitet
Matinntak og blodsukkerI emnet kost og ernæring har du lært at å ha eit sunt kosthald vil seie å ete regelmessig, ete lite sukker og sukkervarer, og ete mat som inneheld mye fiber og stivelse. Grunnen til dette er måten kroppen regulerer blodsukkernivået på.

Kroppen har det best når han er i balanse. Det betyr blant anna at mengda av ulike stoff i blodet ikkje bør svinge for mye.

Dette skjer når vi et:

Matinntak Respons i kroppen
Resultat for blodsukkeret
Fiber og stivelseshaldig mat som grovt brød og grønsaker som vi kallar langsame karbohydrat. Fordøyinga må bruke litt tid på å bryte ned stoffa, og det tek derfor litt tid før alt vert teke opp i blodet. Det vert små svingingar i blodsukkernivået.
Sukker, brus og sukkerhaldige matvarer som vi kallar raske karbohydrat. Fordøyinga brukar nesten ikkje tid på å bryte ned desse stoffa, og dei vert raskt tekne opp i blodet. Det vert store svingingar i blodsukkernivået.
Måltid regelmessig fordelt gjennom dagen. Fordøyinga får maten litt etter litt. Det vert produsert litt insulin over lang tid, og det vert små svingingar i blodsukkernivået.
Få og store måltid. Maten kjem til tarmen i sjeldne og store porsjonar. Det vert produsert mye insulin i korte periodar, og det vert store svingingar i blodsukkernivået.

Læringsressursar

Hormon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Nokre fakta om diabetes

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormon og livsstil

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bedre puls - Stress gir diabetes

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter