Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Helse og sjukdomChevronRight
  4. HormonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hormon

Hormon er kjemiske stoff som kroppen bruker for å sende meldingar frå ein stad til ein annan. Saman med nervesystemet syter hormonsystemet for at ting skjer der dei skal – når dei skal. Slik blir funksjonane i kroppen regulerte.

Forelsket par ligger på gresset. Foto.

I ein frisk kropp blir hormona produserte i rett mengd og på rett tidspunkt. Insulin er eit hormon som kroppen produserer når vi et. Insulinet syter for at glukosen som er i maten, blir teken opp på rett måte i cellene.

Grafikk om hormoner i menneskekroppen. Grafikk

I denne videoen kan du sjå

  • korleis glukose blir teke opp frå tarmen til blodet
  • korleis glukose blir teke opp frå blodet til cellene ved hjelp av insulin
  • korleis cellene får tak i næringa dei treng til forbrenninga
  • korleis innhaldet av glukose i blodet blir halde stabilt
  • at cellene ikkje får tak i glukose når insulin manglar
  • kvifor diabetikarar må ta insulin

Video om diabetes

Nokre eksempel på hormon er:

Kjertel
Hormon Verknad
Bukspyttkjertelen
Insulin
Senkar mengda sukker i blodet
Bukspyttkjertelen
Glukagon
Aukar mengda sukker i blodet
Hypofysen
Prolaktin
Stimulerer brysta til å produsere mjølk
Hypofysen
LH Stimulerer eggløysinga i eggstokkane
Skjoldbruskkjertelen

Tyroksin
Regulerer stoffskiftet
Binyrebarken
Kortison
Dempar aktiviteten til immunforsvaret
Binyremergen Adrenalin
Aukar pulsen og blodtrykket

Hugselappen

Hormona blir produserte i endokrine kjertlar og frakta med blodet til andre organ, der dei har ein funksjon. Nokre av kjertlane produserer fleire hormon, og nokre av hormona verkar på fleire område og i fleire organ.

Bukspyttkjertelen er ein endokrin kjertel.

Blant dei endokrine kjertlane er hypofysen i ei særstilling. Han produserer mange hormon som påverkar dei andre endokrine kjertlane. Vi kan seie at hypofysen fungerer som eit «sentralbord» i kroppen.

Læringsressursar

Hormon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Nokre fakta om diabetes

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormon og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bedre puls - Stress gir diabetes

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Insulin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter