Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Helse og sjukdomChevronRight
  4. HormonChevronRight
  5. BukspyttkjertelenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bukspyttkjertelen

Bukspyttkjertelen ligg i bukhola, bak magesekken. Han er om lag 15 centimeter lang og har to viktige funksjonar. Ein del av bukspyttkjertelen produserer hormon som blir tekne opp i blodet. Ein annan del produserer fordøyingsenzym som blir leidde ut i tolvfingertarmen.

Bukspyttkjertelen. Illustrasjon.

Bukspyttkjertelen produserer hormon

Denne delen av kjertelen består av Langerhans øyar, der hormona insulin og glukagon blir produserte. Hormona blir tekne opp i blodet som strøymer gjennom kjertelen. Desse hormona regulerer innhaldet av glukose i blodet. Du kan lese meir om insulin ved å følgje lenkja.

Når innhaldet av glukose i blodet aukar, for eksempel etter at vi har ete, aukar produksjonen av insulin. Det fører til at glukose blir transportert frå blodet og inn i cellene.

Glukagon verker motsett. Når glukoseinnhaldet i blodet blir lågt, syter glukagon for at glukose blir sleppt ut frå lager inni cellene og til blodet.

bukspyttkjertelen.ilustrasjon.
Bukspyttkjertelen har to funksjonar. Han slepper ut fordøyingsenzym til tolvfingertarmen og hormon til blodet. I forstørringsglaset ser ein insulinet, dei blå prikkane, som blir tømde ut i eit kapillær.

Bukspyttkjertelen produserer fordøyingsenzym

Det meste av kjertelen består likevel av celler som lagar fordøyingsvæska bukspytt. Bukspyttet blir sleppt ut i tolvfingertarmen rett nedanfor magesekken. Denne væska inneheld enzym som bryt ned protein og feitt. I tillegg er bukspyttet basisk, slik at det sure mageinnhaldet som kjem frå magesekken, blir nøytralisert.

Læringsressursar

Hormon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormon

  • SubjectMaterialFagstoff

    Nokre fakta om diabetes

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormon og livsstil

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bedre puls - Stress gir diabetes

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Insulin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter