Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Helse og sjukdomChevronRight
  4. HormonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hormon og livsstil

Enkelte vel å nytte syntetiske hormon for å forbetre kropp og utsjånad. Andre kan få i seg hormon ubevisst gjennom mat eller kosmetikk. Korleis verkar desse hormona på helsa vår, og kan livsstilen vår påverke hormonbalansen?

Muskelmann som setter en sprøyte i armen. Foto.

Kunstige hormon og hormonhermarar

P-pille brett
P-piller inneheld syntetiske kjønnshormon som hemjar eggløysinga.

Kroppen vår produserer sine eigne hormon, og hypotalamus sørgjer for at den naturlege hormonelle balansen held seg ved like. I tillegg blir kroppen vår påverka av kunstige hormon og (hormonhermarar) som blir produserte og brukte av oss menneske. Desse kjemiske sambindingane fester seg til reseptorane i cellene og kan føre til forstyrringar i hormonbalansen. Dei siste tiåra har vi blitt klare over at desse stoffa kan vere skadelege for menneskekroppen og andre organismar.

Kroppsfiksering og bruk av hormon

Barbie-dop
Tollvesenet har sett ein enorm auke i smugling av såkalla Barbie-dop dei siste åra.

Den store merksemda som blir retta mot kropp og utsjånad, har gjort det freistande for somme å ta i bruk kunstige hormon for å oppnå idealkroppen. Mange tyr derfor til ulike medikament og preparat som inneheld hormonhermarar.

Barbie-dop

Eit døme er melanotan (”Barbie-dop”), eit syntetisk hormon som blir sprøytt inn i kroppen, og som gjer deg brun og slank. Hormonet kan dessutan gi auka sexlyst. Ein har ikkje full oversikt over korttids- og langtidsverknadar av stoffet, og ein åtvarar derfor mot bruken av det.

Anabole steroid

Gutt som viser sine muskler for en jente.
Gutar som dopar seg for å få større musklar, og jenter som dopar seg for å bli tynne og brune, har blitt ein realitet.

Eit anna døme på kunstige hormon er anabole steroid. Desse blir brukte for å gi betre uthald og styrke og å auke muskelmassen.

Anabole steroid oppfører seg som testosteron, som er det viktigaste mannlege kjønnshormonet i kroppen. Bruken av anabole steroid er mest utbreidd utanom den organiserte idretten.

Anabole steroid gir ei rekkje helseproblem. Biverknadane omfattar alt frå kviser, dårleg ande, utvikling av bryst hos menn, sterilitet, aggresjon og vekstforstyrringar hos ungdom til meir alvorlege problem som hjerneslag, hjerteinfarkt og leversvikt/-kreft.

Hormonhermarar i kvardagen vår

En mann som står med en mobil i hånden og viser frem en app om hormoner.
Forbrukarrådet tilbyr ein hormonsjekk-app der ein kan finne ut om kosmetikk- og kroppspleieprodukt inneheld hormonforstyrrande stoff, for eksempel paraben.

Vi produserer ein del kjemiske bindingar som skal lette kvardagen vår, og mange av desse stoffa inneheld hormonhermarar. Dette kan til dømes vere bromerte flammehemjarar (BFH) som har brannhemjande effekt på kunstige stoff og til dømes blir brukte i nokre klede. Når bromerte flammehemjarar blir tatt opp i kroppen, kan det føre til leversvikt og påverke nervesystemet og reproduksjonsevna.

Paraben er ei anna gruppe hormonhermarar som blir brukte som konserveringsmiddel i kosmetikk, mat og medisinar. Ein mistenkjer at ftalat, dioksin og PCB har ein hormonforstyrrande effekt. Forstyrringane er ikkje fullstendig klarlagde hos mennesket, men det er ein sterk mistanke om at stoffa fører til lågare pubertetsalder, redusert fruktbarheit, enkelte kreftformer, avvikande kjønnsutvikling og redusert læreevne. Bruken av mange av desse stoffa er derfor strengt regulert av styresmaktene, og ytterlegare regulering blir vurdert heile tida.

Biomagnifikasjon

Næringskjede der konsentrasjonen av miljøgifyer blir mer konsentrert for hvert trinn. Illustrasjon
Biomagnifikasjon – miljøgifter blir meir konsentrert (akkumulert) oppover i næringskjeden.

Hormonhermande bindingar lekkjer ut i naturen frå industrien, sprøytemiddel, hushald og avfallsplassar via avløpsvatn. Desse stoffa endar opp i elvar, innsjøar, grunnvatn og i havet, og organismar som lever i vatn, er derfor svært utsette for hormonforstyrringar trass i at dei kan vere langt unna forureiningskjelda.

Sjølv om konsentrasjonen i vatnet er låg, vil hormonhermarane hope seg opp i feittvevet til organismen. Dyr som et dyr med hormonhermarar i seg, vil få ein høgare konsentrasjon av miljøgifter enn kva det enkelte byttedyret hadde tidlegare.

Sjukdommar

Overvektig jente som spiser burger og drikker cola til.
Dårleg kosthald og lite mosjon fører til at verknaden av hormonet insulin blir svekt. Dette aukar sjansane for å utvikle diabetes type 2. Denne livsstilssjukdommen har blitt meir og meir vanleg i den vestlege verda.

Diabetes type 2 er ein sjukdom der hormonbalansen i kroppen blir forstyrra på grunn av livsstilen vår. Usunt kosthald med mykje sukker og feitt kombinert med lite mosjon fører til at stadig fleire menneske får diabetes type 2. Tidlegare blei sjukdommen kalla aldersdiabetes fordi han helst ramma eldre menneske, men på grunn av livsstilsendringar er det no fleire yngre menneske òg som får han.

Diabetes type 2 kjem hovudsakeleg av at hormonet insulin ikkje har den verknaden det skal ha. Insulin bind seg dårlegare til insulinreseptorane, cellene blir mindre følsame for insulinet slik at dei ikkje tek opp glukose, og blodsukkerkonsentrasjonen blir for høg. Dette er likevel ein sjukdom som kan behandlast ved å endre livsstil. Ein reduksjon av sukkerinntaket, meir mosjon i tillegg til vektreduksjon hos overvektige kan gjenopprette normal insulinverknad.

Læringsressursar

Hormon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Diabetes

  • SubjectMaterialFagstoff

    Hormon

  • SubjectMaterialFagstoff

    Nokre fakta om diabetes

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bedre puls - Stress gir diabetes

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Insulin

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter