Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helsearbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Helse og sjukdomChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Helse og sjukdom

Kunnskap om sjukdommar, diagnosar og ulike behandlingsformer er ein viktig del av det faglege kompetanseområdet til helsefagarbeidaren, og gir grunnlag for å kunne yte profesjonell helsehjelp.

Et blått og et brunt øye. Foto.

Kunnskap er ein føresetnad for å kunne gi pasientane den omsorga, hjelpa og behandlinga dei treng. Helsefagarbeidaren skal vere med og hjelpe brukarane så dei får tilbake helsa eller får lindra lidingar. Helsefagarbeidaren må difor vite korleis ulike sjukdommar kan påverke livet til pasientane

Helsefagarbeidaren skal ikkje stille diagnosar, men rapportere observasjonane sine slik at legen får nødvendig informasjon for å kunne stille riktige diagnosar og gi målretta behandling. Ein viktig del av kompetanseområdet til helsefagarbeidaren er å observere og rapportere om helsetilstanden til pasienten under behandling.

Emner

Helse og sjukdom

  • Aldring og helse

    Alderdommen er den fasen i livet då mennesket er prega av at aldringsprosessen svekkjer organismen. Det er nokre naturlege reaksjonar som påverkar oss.

  • Psykisk helse og sjukdom

    Psykisk helse er noko alle har. Psykiske lidingar rammar mange i ulike grad, og du skal forholde deg til ulike diagnosar.

  • Kreft

    Kreftsjukdom rammar mange, og behandlinga kan vere langvarig og skjulte komplikasjonar store. Omsorg ved kreftsjukdom hos brukarar krev god kompetanse.

  • Sansar og nervesystem

    Sansar er ei fellesnemning på syn, høyrsel, luktesans, smakssans og følesans. Sansecellene fangar opp stimuli og formidlar dei til nervesystemet.

  • Fordøyinga

    Med fordøying meiner vi den mekaniske, biologiske og kjemiske prosessen maten går gjennom for at kroppen skal kunne gjere seg nytte av næringsstoffa.

  • Hormon

    Hormon blir skilde ut av ulike hormonkjertlar i kroppen og transporterte med blodet til målorgan og målceller der dei utløyser bestemte fysiologiske responsar.

  • Respirasjon og sjukdom

    Respirasjon er dei mekanismane som omfattar gassutvekslinga mellom blodet og lufta vi pustar inn.

  • Sirkulasjonsystemet og sjukdom

    Hjarte- og karsjukdommar er sjukdommar i sirkulasjonssystemet i kroppen. Sjukdom her kan oppstå i hjarte, hjerne, lunger og ulike typar blodårer.

  • Rørsleapparatet er alle musklar og bein i kroppen med tilhøyrande element som sener, knoklar, leddband og anna. Når vi rører på kroppen, er det eit fint samarbeid mellom desse.

  • Urinvegane - sjukdom og plager

    Urinvegane med nyrer og urinblære er viktige organ. Sjukdom her vil gjere at ein kan trenge medikament, hjelpemiddel eller endring i livsstil og matinntak.