Hopp til innhald

TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

La deg inspirere av art deco

Nasjonalmuseet har ei stor samling av design som er tilgjengeleg på nett. Finn din art deco-favoritt, og bruk delar av uttrykket til å skape ditt eige design.

Gul tekanne med geometrisk dekor. Foto.
Tekanne designa av Eva Stricker Zeisel, mellom 1928 og 1930, produsert av Schramberger Majolikafabrik.

Art deco var ei stilretning som prega Europa frå tidleg på 1920-talet. Den la vekt på det dekorative og brukte gjerne kostbare materiale. Typisk for perioden er glatte, straumlinja former og geometriske former og mønster.

  1. Søk på art deco i samlinga til Nasjonalmuseet.
  2. Vel ein bruksting, eit møbel, eit klesplagg eller ein plakat i art deco-stil.
  3. Last ned biletet og forklar korleis du kan kjenne igjen art deco-stilen.
  4. Bruk noko av det du liker i biletet du har valt, og la deg inspirere til å skape eit nytt uttrykk. Lag idéskisser til ein ny gjenstand eller ein annan type møbel, klesplagg eller plakat, der vi kan kjenne igjen element frå art deco-stilen.

Læringsressursar

SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter