Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Urnes stavkyrkje

Urnes stavkyrkje ligg i Luster i Sogn. Kyrkja er bygt rundt 1150, og er eldst av dei bevarte stavkyrkjene. Ho er bygt i romansk stil. Filmen viser godt handverk, både i arkitektur og i dekor. Du får blant anna sjå korleis dyreornamentikk frå vikingtida er skoren ut i tre.

I 1979 kom Urnes stavkirke med i UNESCO si liste over verdas kultur- og naturarv.

Program: "Stavkirkene"

Regi: Eivind Otto Hjelle

Foto: Janos Csak

Sendt: 31.03.1994

Læringsressursar