1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. StilhistorieChevronRight
  4. Minimalisme/maksimalismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Minimalisme/maksimalisme

Det minimalistiske formspråket er enkelt. Objekta er gjerne bygde opp av rette linjer, reine flater og geometriske former. Maksimalisme er det motsette av minimalisme: overdådige uttrykk, gjerne med bruk av sterke fargar og mye mønster.

Kjøkken i minimalistisk stil. Foto
Kjøkken i minimalistisk stil

Minimalisme

Minimalismen brukar få virkemiddel og har gjerne ein forsiktig fargebruk. Først var alt svart, så kvitt, og til sist var den største variasjonen å finne i ulike valørar av grått. I arkitektur og design dukka omgrepet opp på 1980-talet, og perioden frå 1995 til 2000 bli rekna som hovudperioden i denne retninga.

Minimalismen i Norge

Jens Olav Hetland er ein av dei norske representantane for minimalismen. Som tilsett industridesignar på Figgjo fabrikker i Sandnes teikna han i 2000 fatserien Figgjo Front. For dette blei han den første mottakaren av Norsk Designråds Heiderspris for God Design. Kvilestolen "Frank" designa av Andreas Engesvik i Norway Says, er eit eksempel på minimalismen i norsk møbeldesign. Kontorstolen Hpo Inspiration 9220, designa av Svein Asbjørnsen, er eit anna. Innenfor klesdesign kan vi nemne Wenche Lyche med kreasjonen "Zip me up" frå 2003 og Pia Myrvoll og kjolane til Kereim Rashids frå same året.

Sjå intervju med Norways Says.


Møbelsnikkar Ulf Koritzinsky, som held til i Sylling, fortel at han alltid har vore interessert i møblar med enkle linjer og uten ytre dekor. Han trudde på organiske former med bogar og glidande overgangar, forseggjort handverk med bruk av dominerande treslag som palisander og teak. Etter eit studieopphald i Japan etablerte han eigen verkstad og forandra arbeidsmetode fullstendig. "Eg legg sterk vekt på det funksjonelle. Eg vil gjerne at materialet skal eksponerast maksimalt, men at dei ytre rammene for eit møbel er enkle. Dei ytre linjene når ein formgir minimalistiske produkt er som oftast lette å trekkje opp. Dei framstår som naturlege forlengingar av allereie eksisterande interiør, eller skal spegle allereie valde materiale hos kunden," seier han.

God design

Utstilling av mobilen si utvikling. Foto
Utviklinga av design på mobiltelefonar frå 1987 til 2012.

God design er viktig for dei aller fleste produkt i samfunnet vårt. Utviklinga av design på mobiltelefonen illustrerer godt den revolusjonen som har skjedd i sambandet mellom teknologiutvikling og designutvikling. I 1983 fanst det berre 12.000 automatiske mobiltelefonar i Noreg, og dei var store og klumpete. Ti år seinare opnar det digitale overføringsnettet GSM. Nokia 1011 blir den første masseproduserte GSM-telefonen på marknaden. I 1995 blei det mogeleg å sende tekstmeldingar frå mobil til mobil, og det er 2 millionar abonnentar i Noreg. I 2003 blir den første mobiltelefonen med kamera lansert, og det blir mogeleg å sende multimedie-meldingar. I 2005 blir 3G-nettet sett i drift i Noreg og Nokia 6080 blei lansert. Og utviklinga held berre fram med uminka fart.

Maksimalisme

Det maksimalistiske formspråket kan enklast beskrivast som ein motsats til det minimalistiske. På same måten som minimalismen var ein reaksjon på postmodernismen si fråtsing i materiale, former og fargar, er maksimalismen ein reaksjon på modernismen. Det overdådige uttrykket kan minne om stilen frå det førre hundreårsskiftet, men med eit formspråk og ein teknikk som overgår alt ein kunne drøyme om hundre år tidlegare. Ny vitskap og teknologi har inspirert til ei stadig dristigare utforsking av potensialet i design og kunsthandverk. Maksimalismen er prega av sensuelle, organiske og svulmande former med overflater som tilsynelatande nærmar seg brestepunktet. Fargebruken er heftig, ofte med eit repeterande mønster.

Minimalistisk og maksimalistisk sølvarbeid

Fleire norske kunsthandverkarar har levert produkt som kan falle inn under både den eine og andre overskrifta i stilhistoria vår. Ein av dei mest framståande er sølvsmeden og smykkekunstnaren Tone Vigeland. Ho gjekk i lære i kunstnarkollektivet PLUS i Fredrikstad, der ho tok sveinebrev i 1961. Her arbeidde ho i Scandinavian Design-tradisjonen med enkle, stramme sølvsmykke. Allereie i 1965 blei ho tildelt Jakobprisen, som kvart år blir delt ut til ein formgivande kunstnar av Norsk Form. I 1970-åra eksperimenterte hun med sølvkuler tredd på kjeder, etter hvert hektet sammen til et nett. I 1981 begynte ho med sølvkuler tredde på kjeder, etter kvart hekta saman til eit nett. I 1981 begynte ho å bruke jernspikrar som ho hamra flate og hekta tett i tett i eit finmaska nett. Desse smykka gjorde at Vigeland fekk sitt internasjonale gjennombrot. Frå midten av 1990-talet har ho først og fremst arbeidd med skulptur.

Ein annan norsk sølvsmed som har sett merke etter seg er Toril Bjorg. Ho har drive sin eigen verkstad sidan 1968, men arbeidde ein periode i 1970-åra som formgivar for David-Andersen. Smykka hennar er store og monumentale, absolutt innanfor det maksimalistiske formspråket, og ho gjer ofte bruk av strikke- og fletteteknikkar. Ho har samarbeidd med glaskunstnaren Ulla-Mari Brantenberg om smykke, drikkeglas og auser. Brantenberg er særlig kjend for sine drikkeglas i dristige former og fargar.

Glaskunst

Vidar Koksvik representerer ein ny generasjon glaskunstnarar. Lysekronene hans er inspirerte av venezianske rokokkokroner, og på Kunstindustrimuseet i Oslo er han representert med glasserviset "Nødutgang" frå 2003.

Interiørdesign og industridesign

Av andre objekt vi finn i Kunstindustrimuseets maksimalisme-monter, kan nemnast ein halsklave i materiala tre og kvalrosstann laga av Liv Blåvarp i 1996. Keramikaren Elisabeth von Krogh er representert med to krukker som er typiske for henne; "Stripet form" og "Sort form". Du kan også finne fem av krukkene hennar i avgangshallen på Gardermoen. Innanfor tekstil må nemnast Ove Herder Finseths kjole "Orientalsk blomsterhavn" med støvlar i same mønster laga av Vibeke Barbo i 2003. Sari Syväluomas stofftrykk "Juicy" frå 2002 illustrerer også maksimalismen.

Her finn vi også industridesignaren Johan Verdes stol "Loop", produsert av Fora Form. Han blir rekna som ein av samtidas mest allsidige designarar i Noreg, og fortel at det tok han sju år å "komme innanfor" i møbelbransjen. Interessa hans for å gi form til omgivnadene viste seg likevel alt i ungdomsåra, då han laga skinnsmykke. Johan Verde er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole i Oslo. Sidan 1990 har industridesignaren som sjølvstendig næringsdrivande formgitt alt frå ispinnar frå Diplom-is og Sfinx konfekt frå Nidar til skibindingar for Åsnes og tranpilleglas frå Møller. For Magnor glassverk har han i 1996 designa både vasen "Ibsen" og skaldyrserviset "Neptun". For danske Stelton har han teikna bestikket "Capelano". I 2003 utforma han kolleksjonen "Silver Mechanic" med smykke for menn for sølvvareverkstaden Unhjem Design. I 2007 vann han saman med Trond Moi den prestisjefylte internasjonale Wallpaper Annual Design Award for gryteserien ZPA ChefPan i kategorien beste kjøkkenutstyr. Og i 2010 blir hyttestolen "SURF" av Tonning lansert, designa av Johan Verde.

Stol, konfekt, servise og is designet av Johan Verde. Fotokollasj
Ulike design frå Johan Verde.

Læringsressursar

Stilhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Barokken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokko

  • SubjectMaterialFagstoff

    Klassisisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Romantikken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Historisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Deco

  • SubjectMaterialFagstoff

    Retrodesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Popdesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kunst i det gamle Egypt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pompeii

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hagia Sofia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva er en stavkirke?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Urnes stavkyrkje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nidarosdomen: Spissbue eller gotisk bue

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    St. Denis

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funn fra norsk middelalder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sølv i Renessansen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Manierismen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seinbarokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Porselen i barokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utskjæringer i tre og elfenben i senbarokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkotida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkostolar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interiør, bruksgjenstander og klær på 1700-tallet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den franske revolusjonen sin innverknad på stilhistoria

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Internasjonal stil i arkitekturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonalistisk arkitektur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interesse for Art Deco

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skandinavisk kitch

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Popkunsten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ellinor Flor om moter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekornesbua

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale