1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. StilhistorieChevronRight
  4. PostmodernismeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Postmodernisme

Postmodernismen oppstod som ein reaksjon på modernismen i 1970-1980-åra. No skulle ein bort frå det enkle og eksperimentere med nye uttrykk. Vi fekk fantasifulle blandingar av ulike stilretningar. Formene og fargebruken kunne vere originale, og materiale blei satt saman på nye måtar.

President i Memphis-gruppen
Ettore Sottass, president i Memphis-gruppa

Memphis

Starten på den postmodernistiske perioden i stilhistoria blir gjerne knytt til det italienske designkollektivet Memphis i Milano. Initiativtakaren til gruppa, Ettore Sottass, kalla opphavleg Memphis' design for "den nye internasjonale stilen". Men så lytta dei til Bob Dylans song "Stuck Inside of Mobile with the Memphis Blues Again", og dermed var namnet gitt. Sottass var i 60-åra, og hadde jobba som arkitekt og industridesignar, blant anna for Olivetti. Dei andre medlemmene av gruppa: Alessandro Mendini, Martine Bedin, Andrea Branzi, Aldo Cibic, Michele de Lucchi, Nathalie du Pasquier, Michael Graves, Hans Hollein, Arata Osozaki, Shiro Kuromata, Matteo Thun, Javier Mariscal, George Sowden, Marco Zanini og Barbare Radice, var i 20-åra, unge og framstormande.

Dei presenterte første gong resultata av samarbeidet sitt på den prestisjefylte møbelmessa Salone del Mobile of Milan februar 1981. Den engelske produktdesignaren Jasper Morrison skildrar møtet sitt med utstillinga slik: "Eg kaldsveitta og hadde ei kjensle av sjokk og panikk. Det var den underlegaste kjensla eg nokon gong har hatt. Du blei på ein måte avvist av objekta, men følte samtidig ein direkte lette over at alle tidlegare reglar no var brotne." Memphis heldt årlege utstillingar fram til 1987, då gruppa blei oppløyst.

"Less is bore"

Nicolas Hayek, president i Swatch
Nicolas Hayek, president i Swatch

Eitt av slagorda til postmodernistane var "less is bore", som spelte på modernismens slagord "less is more". Sjølve ordet postmodernisme er relativt enkelt å forstå. Forstavinga «post» tilsier at dette er ei retning som kjem etter modernismen. Det ligg i omgrepet at designarane ønskte å overskride den modernistiske tradisjonen. Dette blir gjort delvis ved å gripe tilbake til tidlegare tiders uttrykksformer, men då gjerne behandle dei med ein ironisk distanse. Memphis-gruppa viste fram møblar med klare, sterke fargar i kontrast til dei svarte og mørkebrune møblane som hadde dominert europeisk møbelproduksjon. Formene kunne vere asymmetriske og rare, vi kan kjenne igjen trekk frå Art deco og Pop art, frå 1950-tals kitsch og futuristiske tema, og alt framstilt med ein humor som dei sakna i tidas design. På mange måtar stod konsepta deira i opposisjon til alt som til då hadde fått merkelappen 'god design'. Eit typisk åttitalsfenomen var Swatch-klokkene sitt inntog med sin viltre design i ein elles tradisjonsrik og konservativ urmakarbransje.

Klede- og hårmote

Musikken stod også i sentrum då punkarane gjorde sitt inntog på 1970-talet. Punkhåret med skrikande farga hår og taggete klipp, ofte barbert på sidene og med ein struttande hanekam på midten, var opphavleg eit antimotefenomen, men fekk ganske snart i ei moderert form innverknad på den etablerte frisørmoten. Den mest særprega hårmoten på 1980-talet var likevel for begge kjønn hockeysveisen. Den tekniske utviklinga i frisørfaget med permanent, farging, bleiking, striper, osv. har gjort det mogeleg med ein rik variasjon i val av frisyrar, både for menn og kvinner. Den nederlandske hårstylisten Andy Uffels, som til dagleg jobbar i Milano, har i 2007 sagt det slik: "No handlar det om individet når ein klipper og stylar hår. Ein kan seie at ein skulpturerer håret ut i frå kvart enkelt individ."

Hår og mote collage - postmodernismen
Hår og klede var i postmodernismen inpirert av musikken på denne tida, og det kom nye måtar å style hår på.


Mens hippierørsla hadde klede som var lange, lausthangande og litt sjuskete, gjekk punkarane gjerne i svarte klede med naglebelte. Men det som i klesvegen verkeleg fekk gjennomslag, både for menn og kvinner, var eit tradisjonelt arbeidsantrekk – dongeribuksene. Også dei voks nok fram som ein anti-mote i protest mot det etablerte, men enda opp som høgste mote i alle sosiale lag av folket. Det var ein tendens til at dei same kleda kunne brukast av både menn og kvinner. Mange kvinner hadde allereie på 60-talet kastet både brysthaldar og hoftehaldar. Somme satsa på palestinaskjerf eller lilla skjerf og fotformsko, mens andre valde å kle seg feminint med tronge hotpants og lange, opne kåper. Den britiske motedesignaren Zandra Rhodes prega motebildet på 1970- og 80-talet, både når det gjeld klede og smykke. Ho hadde late seg inspirere både av hippiestilen og punken. I 1977 lanserte ho ein kolleksjon i rosa og svart jersey med hol og store sikringsnåler pynta med perler, noko som gjorde at ho fekk namnet "punkprinsessa". Ho er også kjend for dei asymmetriske kjolane sine i sterke fargar med oppflerra skjørtekantar. Ho har teikna klede for velkjende personar som prinsesse Diana, Jackie Onassis, Elisabeth Taylor og Freddie Mercury i rockebandet Queen.

Postmodernisme i Norge

Norske designarar gjennomførde i 1980 ei symbolhandling; dei tok ei kiste merkt Scandinavian design og senka henne i hamnebassenget utanfor Oslo rådhus. Det skulle markere postmodernismen sitt inntog i norsk design. Ein av dei mest framståande norske industridesignarane i perioden er Peter Opsvik. Etter utdanning ved kunsthandverksskolane i Bergen og Oslo, var han i siste halvdel av 1960-talet designar ved Tandberg Radiofabrikk, der han designa berbare radioar. Men som son av ein møbelprodusent på Stranda var det naturleg at han kom til å interessere seg for møbeldesign, og det er innanfor dette området han er mest kjend. Han fekk sitt gjennombrot i 1972 med den regulerbare barnestolen Tripp Trapp, som kan tilpassast brukarane etter kvart som dei veks. Som bakgrunn hadde han også studert ergonomi i Tyskland. Namnet hans er også knytt til Balans-stolane Variable (1979), Gravity (1983) og Tharsit (1991). Med sitt framoverhellande sete og stopparar for kne og legger, braut dei med alle tidlegare førestellinger om korleis sitjemøblar skulle utformast. Det var oppfinnaren Hans Christian Mengshoel som fekk ideen i 1978, og han inviterte dei tre møbeldesignarane Oddvin Rykken, Peter Opsvik og Svein Gusrud til å teikne ut ideen. Seinare har stolen i ulike variasjonar hatt stor suksess over heile verda.

Pledd produsert av Røros-Tweed
Pledd produsert av Røros-Tweed


Interessa for og inspirasjonen frå framande kulturar i 1980-åra førde også til at mange kunsthandverkarar gjenoppdaga tradisjonane i sine eigne land. Ein viktig forløpar for denne utviklinga var tekstildesignaren Sigrun Berg. Ho har stått sentralt i utviklinga av skandinavisk design og brukskunst i etterkrigstida. Ho utdanna seg først som jordmor, men starta å veve då ho som vaksen flytte til Trysil. Ho vidareutdanna seg på Kunstakademiet og flytte til Rauland. Produkta frå vevstova til Sigrun Berg, der ho etter kvart engasjerte mange assistentar, sette ein standard andre tekstilhandverkarar kunne strekkje seg etter. Ho var også ein populær rådgivar for ei rekkje norske tekstilbedrifter som De forenede ullvarefabrikker, Røros Tweed, AS Solberg Spinderi, Haldens Bomuldsspinderi & Væveri og Tekstilbånd AS. Sigrun Berg-sjal var på 1980-talet eit plagg mange bar med viktige politiske undertonar. Blant mange andre utmerkingar fekk ho Jacobprisen for god design i 1963.

Læringsressursar

Stilhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Barokken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokko

  • SubjectMaterialFagstoff

    Klassisisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Romantikken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Historisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Deco

  • SubjectMaterialFagstoff

    Retrodesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Popdesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kunst i det gamle Egypt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pompeii

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hagia Sofia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva er en stavkirke?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Urnes stavkyrkje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nidarosdomen: Spissbue eller gotisk bue

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    St. Denis

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funn fra norsk middelalder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sølv i Renessansen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Manierismen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seinbarokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Porselen i barokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utskjæringer i tre og elfenben i senbarokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkotida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkostolar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interiør, bruksgjenstander og klær på 1700-tallet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den franske revolusjonen sin innverknad på stilhistoria

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Internasjonal stil i arkitekturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonalistisk arkitektur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interesse for Art Deco

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skandinavisk kitch

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Popkunsten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ellinor Flor om moter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekornesbua

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale