Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Modernisme

Modernisme beskriv ein ny måte å tenkje på. Synet på verda endra seg. Modernistane gjekk bort frå gamle tradisjonar og ønskte å skape nye uttrykk. Modernismen braut fram på midten av 1800-talet og hadde innverknad på den vestlege kulturen gjennom heile 1900-talet.

To fotografi av arbeidsplassar i tidleg og sein modernisme. Kollasj.
Modernismen før og no.

Tenk over:

Kva forbind du med å vere moderne?

Modernisme

Noko som er moderne, høyrer som regel til det nyaste på sitt område. Likevel bruker vi modernisme om fleire stilretningar som utvikla seg gjennom førre hundreår. Samfunnet endra seg radikalt på 1800-talet. Utvikling av ny teknologi og industri gjorde at mange flytta til byane for å få arbeid. Industrien gjorde det mogleg å lage vakre og rimelege kvardagsgjenstandar.

Modernisme beskriv ein ny måte å tenkje på. 1900-talet er prega av nyskaping innan kunst, arkitektur, kunsthandverk, musikk og litteratur. Eksperimentering og kunstnarisk fridom blei lagt vekt på.

I biletkunsten var det ikkje lenger eit mål å etterlikne røynda. I arkitektur og brukskunst reinska ein bort unødvendig pynt. I staden blei rette linjer og reine flater brukte. Form, funksjon og materiale skulle vere i fokus.

Modernismen er ei samnemning for fleire ulike retningar. Innanfor design og kunsthandverk utvikla modernismen seg til art deco, funksjonalisme, Scandinavian design og popdesign. Eit enkelt formspråk med reine flater og stilisert dekor var felles for desse.

Kunsthandverk som grunnlag for design

Skjerm i lakkert og beisa bjørk med innfelt billedvev i ull. Foto.
Gerhard Munthe har laga mønsteret til biletveven (om lag 1900). Omnskjermen tilhøyrer Designsamlingane til Nasjonalmuseet.

Dei første modernistane ønskte å relatere design og kunsthandverk til industrisamfunnet. Gerhard Munthe (1849–1929) var ein produktiv kunstnar som jobba med fleire typar kunstindustri. Han laga veggutsmykkingar og teikna møblar, dører og anna inventar. I Noreg blir han sett på som den første industridesignaren.

Modernistisk design

Nora Gulbrandsen var også ein av dei første profesjonelle industridesignarane i Noreg. Ho er kjent for arbeida i modernistisk design for Porsgrunds Porselænsfabrik frå 1930-åra.

Svart servise med gulldekor. Foto.
Porselensservise designa av Nora Gulbrandsen i 1931, produsert av Porsgrunds Porselænsfabrik AS. Serviset tilhøyrer Designsamlingane til Nasjonalmuseet.
Spisereiskapar i sølv og emalje. Foto.
H10 Skylight. Spisereiskapar i støypt sølv med emalje. Designa av Tone Vigeland (om lag 1960) og produserte av PLUS. Tilhøyrer Designsamlingane i Nasjonalmuseet.

Andre utøvarar som har vore viktige for utviklinga av modernisme i Noreg, er Grete Prytz Kittelsen med emaljegjenstandar, og Tone Vigeland med smykke og bruksting.

Læringsressursar