1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. StilhistorieChevronRight
  4. Scandinavian DesignChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Scandinavian Design

Omgrepet "Scandinavian design" slo igjennom internasjonalt med ei stor utstilling av designprodukt frå Norden, vist på fleire amerikanske museum frå 1954 til 1957. Dei nordiske designarane heldt fast på det enkle i funksjonalismen, samstundes som dei hadde høge krav til materialbruk og utføring.

Opprettinga av Lunning-prisen i 1952 medverka også til at Scandinavian design ble eit internasjonalt omgrep. Møbeldesignaren Kaj Dessau oppretta prisen på Fredrik Lunnings 70-årsdag. Danskfødde Lunning var då eigar av det eksklusive internasjonale juvelerfirmaet Georg Jensen Inc i New York.

Produkter til høge prisar

Interiør med stolen Mauren som er designa av Arne Jacobsen. Foto
I denne stova kan du sjå stolen Mauren som er designa av Arne Jacobsen.

I starten var Scandinavian design kjend for luksuriøse produkt til høge prisar. Allereie i 1932 teikna finske Alvar Aalto Paimio-stolen i tre og plast til eit finsk tuberkulosesanatorium. I 1933 teikna danske Kaare Klint den populære Safari-stolen. I 1936 presenterte svensken Bruno Mathsson tre stolmodellar laga i bøygt limtre med fletta sete og rygg av reimar. I 1940 teikna norske Alf Sture ein armstol i alm og papirhyssing trekt i rygg og sete. I 1951 teikna danske Arne Jacobsen stablestolen Mauren med tre bein av krom. Setet og ryggen blei støypte av eit enkelt stykke kryssfinér. Han har også utforma lenestolen Egget i 1958. I 1966 laga norske Sven Ivar Dysthe stablestolen Laminett, som finst i dei fleste norske forsamlingshus. Den svenske møbelkjeda IKEA, som starta med å designe sine eigne produkt i 1955, har delvis klart å bryte med forventninga om at god Scandinavian design også skal vere dyr.

Internasjonale merkevarer

Glasprodukt utstilte i Littala butikk. Foto
Littala butikk i Finland

Ein annan viktig arena for marknadsføring av nordisk design var den store Triennali di Milano, der Noreg deltok for første gong med eigen seksjon til den tiande utstillinga i 1954, med fokus på Design in Scandinavia. Mens våre naboland viste masseproduserte industrivarer i glas og keramikk, blei Noreg tildelt både prisar og heiderleg omtale for ting som eit spesiallaga sildebord og sølvarbeid. Finnane hadde tradisjonsrike glasbruk som Arabia og Iittala, som satsa på Scandinavian design. Danskane hadde Den Kongelige Porcelainsfabrik, som internasjonalt marknadsfører seg som Royal Copenhagen, og Rosendahl. Svenskane har sterke internasjonale merkevarer som Orrefors og KostaBoda. Dei fremste norske glasdesignarane som Benny Motzfeldt og Ulla Marie Brantenberg, var begge ein periode tilknytte det no nedlagde Randsfjord Glassverk. Seinare var Benny Motzfeldt knytt til brukskunstorganisasjonen PLUS i Fredrikstad. Ulla Marie Brantenberg har sidan 1978 drive eiga glashytte ved Frysja i Oslo, men er frå 2009 tilsett som designar ved Gjøvik Glassverk.

Materialbruk og utføring

Scandinavian design hadde funksjonalistiske ideal som utgangspunkt og kombinerte dette med høge krav til materialbruk og utføring. Sjølv om både ulike metall, glas og keramikk inngår i produkt kjende som Scandinavian design, må det likevel seiast at det er treet som er hovudmaterialet i denne stilretninga. Likevel er det typisk for dei fleste av dei mest framståande designarane i Norden etter den andre verdskrigen at dei prøver seg innanfor ulike område. Danske Axel Salto er typisk for dette. Han var knytt til Royal Copenhagen, der han laga nokre av deira mest spennande keramiske produkt, men arbeidde samtidig som smykkedesignar og med tekstil. Finske Timo Sarpaneva likeeins. Som Alvar Aalto arbeidet han også med glas for Iittala, men produserte samtidig bruksgjenstandar i metall, tre og tekstil. Gustavsbergs i Sverige hadde over tid fleire kjende designarar for keramikken sin; Wilhelm Kåge, Berndt Friberg og Stig Lindberg. Den siste designa også tekstilar for Nordiska kompaniet.

Gunnar Nylund arbeider med keramikk. Foto
Gunnar Nylund i aksjon.

Noko for seg sjølv var dansken Poul Henningsen, som er kjend for PH-lampane sine. Utgangspunktet var at han syntest elektriske pærer kasta eit umogeleg lys; anten blei det for skarpt, eller også slukte store skjermar det meste av lyset. Han teikna derfor lampeskjermar som sende lyset ut i rommet med full styrke utan å blende nokon. Carl Harry Stålhane og Gunnar Nylund jobba med keramikk for Rörstrand, men sistnemnde gjorde også glasdesign for Strömbergshyttan og eigne skulpturar i metall. Gunnar Nylund kan stå som representant for heile Scandinavian Design-epoken. Faren hans var finsk målar og skulptør, mora hans var dansk keramikar. Sjølv jobba han altså store delar av livet sitt for Rörstrand i Sverige, før han i 1959 blei art director ved Nymølle Fajansefabrik i Danmark..

Bestikket

Inngangspartiet til ein Georg Jensen-butikk. Foto
Arne Jacobsen produserte produkt for firmaet Georg Jensen.

Danske Arne Jacobsen er mest kjend for møblane sine, men teikna også i 1958 AJ-bestikket for det danske firmaet Georg Jensen. Den norske arkitekten Arne Korsmo teikna i 1953 saman med kona si, gullsmeden Grete Prytz Kittelsen, bestikket ”Korsmo”. Det banebrytande med bestikket var at det blei produsert med maksimal forenkling av produksjonsprosessen. For produksjon av kvar bestikkdel var det nok med berre ei stanse. Korsmo valde også eit materiale som skulle gjere bestikket rimeleg for forbrukarane. Løysinga blei sølvplett, eit materiale av uedelt metall som er dekt av eit tynt ytre lag av reint sølv. Den svenske sølvsmeden Torun Bülow-Hübe arbeidde frå 1956 for det danske verdsomspennande juvelerfirmaet Georg Jensen i Paris. Blant kundane hennar var namngjetne personar som Pablo Picasso, Brigitte Bardot, Ingrid Bergman og Billie Holiday. Særleg kjend blei ho for design av sine ”Vivianne” armbandsur. I 1978 flytte ho til Djakarta i Indonesia, der ho forutan smykke også designa tekstilar, korger og lampar.

Andre kjende designarar

Kennedy flyplass, designa av Eero Saarien. Illustrasjon
Eero Saarinen er kjent for å designe flyplassar. Her er ein illustrasjon frå eit av verka hass på Kennedy flyplass.

Av andre kjende designarar knytte til Scandinavian design må nemnast den finsk-amerikanske arkitekten Eero Saarinen, først og fremst kjend for sine monumentale bygg i stål, glas og aluminium i USA, men også som designar av "Tulipanstolen" i 1956.

Interiør med Tulipanstolen som Eero Saarien har designa. Foto
I dette bildet kan du sjå Tulipanstolen som Eero Saarinen designa.

Danske Finn Juhl er også ein etablert møbeldesignar frå perioden. Mens han for det meste brukte tre som materiale, eksperimenterte danskane Poul Kjærholm og Verner Panton i respektive stål og plast. Om den siste, som først og fremst verka som interiørdesignar, er det ei historie knytt til Noreg. Han fekk i 1960 i oppdrag å lage eit nytt interiør til Hotel Astoria i Trondheim. Men det blei fjerna etter berre tre år, da ein syntest det var "for mørkt". Noreg var nok ikkje heilt modne for Scandinavian design.

Glaskunstnarar

La oss avslutte denne oversikta over spennande nordiske designarar med to glaskunstnarar. Vicke Lindstrand var designar for Orrefors fram til 1943, då han i sju år var knytt til keramikkproduksjon ved Uppsala Ekeby. Frå 1950 var han sjefdesignar ved Kosta Glasbruk. Også han jobba i tillegg med tekstil og grafisk design. Finske Tapio Wirkkala var også aktiv innanfor fleire materialområde, både knivar, smykke og skulpturar, men er først og fremst kjend for glasdesignen sin. Serien hans "Ultima Thule", produsert av Iittala, er ein av Finlands mest suksessrike seriar gjennom alle tider.

Læringsressursar

Stilhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Barokken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokko

  • SubjectMaterialFagstoff

    Klassisisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Romantikken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Historisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Deco

  • SubjectMaterialFagstoff

    Retrodesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Popdesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kunst i det gamle Egypt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pompeii

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hagia Sofia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva er en stavkirke?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Urnes stavkyrkje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nidarosdomen: Spissbue eller gotisk bue

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    St. Denis

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funn fra norsk middelalder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sølv i Renessansen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Manierismen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seinbarokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Porselen i barokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utskjæringer i tre og elfenben i senbarokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkotida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkostolar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interiør, bruksgjenstander og klær på 1700-tallet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den franske revolusjonen sin innverknad på stilhistoria

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Internasjonal stil i arkitekturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonalistisk arkitektur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interesse for Art Deco

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skandinavisk kitch

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Popkunsten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ellinor Flor om moter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekornesbua

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale