1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. StilhistorieChevronRight
  4. Art NouveauChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Art Nouveau

Art nouveau, også kalla jugensdstil, er ein dekorativ kunst som brukte naturen som inspirasjon. Lange mjuke linjer blei brukte i interiør og arkitektur. Den nyskapande stilretninga varte frå ca. 1890 til 1914. Perioden introduserte nye tankar om korleis varer kunne produserast i eit moderne samfunn.

Plakat "Morning Journal"
Plakat "Morning Journal"

Art an Crafts-rørsla

Gjennom den industrielle revolusjonen var det blitt mogeleg å masseprodusere det meste av det som tidlegare berre hadde vore handverksproduksjon. Engelskmannen William Morris hadde alt i 1870-åra teke opp kampen for å gjenreise det gode handverket. Rørsla fekk namnet arts and crafts, eller på norsk rett og slett kunsthandverksrørsla. Ho framheva verdien av det gode handverket i kontrast til dei masseproduserte varene som fanst på marknaden. Målet var å inspirere folk flest til å utvikle ein betre smak.

Art nouveau og jugendstil

William Morris designa og produserte både møblar, tekstilar og tapet, og han insisterte på at design var ein kunstart. Arbeida hans blei forbilde for ein heilt ny stil, art nouveau, som på norsk betyr den nye kunsten. Stilen fekk namnet etter ei forretning for dekorativ kunst i Paris. I Tyskland blei stilen kalla jugend, som rett og slett betyr ungdom. Her er det tidsskriftet Die Jugend, som blei utgitt i München, som la grunnlaget for namnet. I England blir stilretninga kalla Decorative Style.

Bygårder i Jugendstil i Ålesund, Møre og Romsdal.
Bygårder i Jugendstil i Ålesund, Møre og Romsdal.

Stilen er lett gjenkjenneleg med sine lange, blaute linjer, som kan minne om tynne, bøyelege plantestenglar. Formgivarane bak stilen var då også inspirerte av naturen. Dei mjuke formene går igjen både i arkitektur og interiør. Eit jugendhus har ingen rette kantar eller hjørne, verken utvendig eller innvendig. I Noreg har vi i Ålesund eit svært spesielt jugendmiljø. Årsaka er at store delar av sentrum i byen brann ned i 1904. Arkitektane som skulle forme bybildet etter brannen var inspirerte av tidas moderne byggjestil. Derfor har byen ein unik plass i norsk arkitekturhistorie. I Oslo har vi eit godt eksempel på arkitekturen i jugendstil med Historisk museum, som stod ferdig i 1902, teikna av Henrik Bull. I Noreg gjekk jugendstilen gradvis over i drakestilen, som er omtalt i oppslaget om historismen.

Norsk art nouveau og dragestil

Avdelingsdirektør Widar Hallén viser oss ein del av eit spisestovemøblement i mørkbeisa furu og mahogni teikna av Henrik Bull, utført av G.N. og A. Huseby & Co med utskjeringar av Lars Kinsarvik i Kristiania 1897. Den norske drakestilen er eit sjølvstendig bidrag til den internasjonale art nouveau-stilen.

Norsk Art Nouveau

Arkitekturen til Antoni Gaudi

Reiser du til Barcelona, vil du kunne oppleve ein svært spesiell art nouveau-arkitektur skapt av Antoni Gaudi. I Spania blir denne stilarten elles kalla Modernismo Catalan. Fleire av Gaudis bygningar i Barcelona er oppførde på UNESCOs verdsarvliste. Det mest spesielle byggverket er utvilsamt katedralen Sagrada Familia (Den heilage familien). Kyrkja blei påbyrja i 1882, men er framleis (2018) under arbeid. Ho er planlagt fullførd i 2025. Bygningane til Gaudi er prega av tankane hans om naturlege former. Felt med mosaikk utgjer ofte ein integrert del av bygget. På taka er luftekanalar og skorsteinar gjerne kledde i plante- og blomsterliknande former. Søylene som ber taka i Sagrada Familia er forma som stilkar og strå.

Meir enn ei stilretning

Plakat i litografi laget av Henri de Toulouse-Lautrec. Hans plakater innleder en gullalder for plakatkunsten.
Plakat i litografi laga av Henri de Toulouse-Lautrec. Plakatane hass innleda ein gullalder for plakatkunsten med sin karakteristiske forenkla og bølga stil.

Mange vil hevde at Art nouveau representerte noko mer enn ei stilretning. Det var ein ny tenkjemåte knytt til korleis varer kunne produserast i eit moderne samfunn. Det var eit forsøk på å definere på nytt kva kunst var. Ikkje ein gjenstand, same kor uviktig og daglegdags han kunne følast, var for liten til å bli vurdert som eit kunstverk. Kunstnaren skulle arbeide med alt, frå å teikne hus til å forme nye møblar, og gjennom på denne måten å skape venleik og harmoni, var kunstnarane si oppgåve å gi menneska eit betre liv. Denne måten å sjå på kunsten på fekk utløparar i målarkunsten, i glashandverket, i gullsmedhandverket, i metallarbeid, når det galdt utforming av tekstilar, og ikkje minst innanfor grafisk design. Reklameplakatar blei ønskte velkommen som aktuelle kunstuttrykk.

I tråd med tankane i tida blei fleire bildekunstnarar opptekne av den potensielle formidlingskrafta plakaten hadde når det galdt å nå ut til mange menneske. Samtidig ønskte dei å arbeide meir tverrfagleg med kunsten sin. Den mest kjende plakatkunstnaren frå denne perioden heiter Henri de Toulouse-Lautrec. Plakatane hans innleier ein gullalder for plakatkunsten med sin karakteristiske forenkla og bølgjande stil. Plakatkunsten var også inspirert av japanske fargetrykk, der bruken av konturar og fråvær av skyggjelegging inspirerte den europeiske stilen til å utforme eit nytt uttrykk. Også i Noreg har vi frå 1900 og framover teke vare på reklameplakatar for bøker, tidsskrifter, aviser, vaskemiddel, tobakk, øl og andre drikkar. I tillegg finst det mange utstillingsplakatar frå denne perioden.

Interiør i jugendstil

Tapet designet av William Morris i 1876.
Tapet designa av William Morris i 1876.

Tapet var eit viktig uttrykksmiddel for jugendstilens ornamentikk. Ein ønskte å skape eit nytt og meir naturleg uttrykk enn dei meir heildekkjande og fortetta mønstra som til då hadde vore vanlege. Omgrepet tapet var opphavleg ei fellesnemning på ulike innreiingstekstilar brukte som veggklednad. Først eit godt stykke inn på 1800-talet blei det vanleg å oppfatte tapet berre som nemning på veggklednad av papir. Tapet med ulike former for blomsterornamentikk i art nouveau-stil blei høgste mote på slutten av 1800-talet. William Morris' kompliserte blomstertapet med duse fargar var til stor inspirasjon, og har sidan blitt klassikarar.

Art nouveau-stilen slo seint igjennom i den norske gullsmedkunsten. Det er først etter 1900 at han grip særleg om seg i Noreg. Det skuldast nok først og fremst at drakestilen fram mot unionsoppløysinga i 1905 var så populær, og derfor inntok ein dominerande plass i gullsmedkunsten. "Libelleskåla", teikna av Gustav Gaudernack og utført hos David-Andersen i 1909, blir rekna som hovudverket i norsk emaljekunst. Men Torolf Prytz i juvelerfirmaet J. Tostrup var blitt premiert ved verdsutstillinga i Paris 1900 for ei gruppe vasar og ein lampe i vindaugsemalje i art nouveau. Og då Arthur David-Andersen i 1901 avla sveineprøve, bestod denne prøva av ei sølvkanne i art nouveau-stil.

Symbol

Mot slutten av jugendtida snakkar ein om ein meir dekorativ symbolisme der eit djupare tankeinnhald blir tona ned til eit meir estetisk uttrykk. Men framleis kan vi studere viktige symbol i ornamentikken. Påfuglfjør blei sett på som eit symbol på at ein var forfengeleg. Særleg prydfjørauga, med den slutta ovale forma si, var eit populært ornament. Svana representerer reinleik, det feminine og harmoni. Sommarfuglen symboliserer venleik. Valmuen symboliserer tung og drøymande mystikk. Treet symboliserer mennesket sitt forhold til naturen, og er også eit fruktbarheitssymbol. Kvinna symboliserer noko frigjort, mystisk og vakkert. Sensuelle kvinnefigurar og svinga blomsterlinjer er karakteristiske for den internasjonale art nouveau-stilen. Vatnet symboliserer kontinuitet og det uendelege..

Møbelproduksjon

Møblane blir no lettare, med utskjeringar i blomster- og plantemotiv, og blir konstruerte slik at alle delane i møblane skal vere eit ledd i ei samanhangande linje. Det betydde at bein, armlen, sarg osv. ikkje lenger var definerte kvar for seg. Dei norske jugendmøblane blei anten fabrikkproduserte eller laga hos ein av dei mange handverksbedriftene rundt om i landet. Arkitekt Henrik Bull designa fleire møblar i den nye stilen, blant anna til Historisk museum, og var særleg inspirert av franske og engelske forbilde.

Stol i jugendstil, designet av Henry van de Velde.
Stol i jugendstil, designa av Henry van de Velde.

Klede og mote

Klesmoten for kvinner blei revolusjonert under art nouveau med nye og sterke fargar og ledigare snitt. Frankrike var det leiande moteskapande landet, med Paris som motehovudstaden. Men ikkje alle var like begeistra for dei skiftande motane frå Paris. Jugendkunstnarane var opptekne av at kvinnekleda burde vere meir i tråd med den nye stilretninga i tida, og at dei burde ha tidlause kvalitetar som gjorde det unødvendig å byte dei ut med nye klede kvar sesong. Idealet i perioden var den modne kvinna med fyldige bryst, runde hofter og rund bak. Kvinna skulle vere svai i ryggen, smal rundt livet og flat over magen. For å få dette til, brukte dei eit snørekorsett som blei kalla vepsetalje. Nokre gjekk så langt at dei opererte bort dei nedste ribbeina for å bli smale nok om livet.

Læringsressursar

Stilhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Barokken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokko

  • SubjectMaterialFagstoff

    Klassisisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Romantikken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Historisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Deco

  • SubjectMaterialFagstoff

    Retrodesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Popdesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kunst i det gamle Egypt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pompeii

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hagia Sofia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva er en stavkirke?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Urnes stavkyrkje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nidarosdomen: Spissbue eller gotisk bue

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    St. Denis

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funn fra norsk middelalder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sølv i Renessansen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Manierismen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seinbarokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Porselen i barokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utskjæringer i tre og elfenben i senbarokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkotida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkostolar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interiør, bruksgjenstander og klær på 1700-tallet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den franske revolusjonen sin innverknad på stilhistoria

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Internasjonal stil i arkitekturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonalistisk arkitektur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interesse for Art Deco

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skandinavisk kitch

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Popkunsten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ellinor Flor om moter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekornesbua

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale